Åtte vil bli barnehagestyrar på Gjernes

Publisert 20.03.2017 kl. 15.06.

Åtte kandidatar har meldt seg til den ledige jobben som styrar for Gjernes barnehage, tre menn og fem kvinner. Fire av dei åtte er frå Voss, éin er frå Ulvik medan to søkjarar bur heilt andre stader i landet. Den åttande og siste kandidaten er unnateke offentleggjering, men er ei kvinne på 35 år. Søkjarane er: Monica Amundsen (40) Gjerdrum, Anja Helene Bergo (27) Ulvik, Svein Egil Fatnes (29) Sauda, Hilde Kyte Johnsen (38) Voss, Turid Kvitne (46) Voss, Geir Ove Vaksdal (32) Voss og Tor-Einar Wahl (31) Voss.