Ung jente stogga med pose full av piller

Publisert 17.03.2017 kl. 14.15. Oppdatert kl. 16.01.

Etter eit tips stogga politiet på Voss ei ung jente med ein pose full av piller onsdag kveld. Jenta er under den kriminelle lågalderen, seier Håvard Skattum hjå politiet på Voss. - Derfor kalla me inn jenta til ein samtale med politiet. Dei fleste pillene var ufarlege, men me veit ikkje kva type alle tablettane er enno. Uansett så er det uroande når ei ung jente har ein pose med over hundre tablettar i, seier han. Politiet har no teke tablettposen.