HEIDRA DANSARAR: Knut Blikberg (t.v.), Anna Torhild Førsund Blikberg og Håkon Dregelid er utnemnde til heidersmedlemer i spelemannslaget. - Dei har alle profilert dans på strålande vis gjennom mange år, slår styret fast.

Vart heidersmedlem i spelemannslaget

Voss spelemannslag har utnemnt Håkon Dregelid, Anna Torhild Førsund Blikberg og Knut Blikberg som heidersmedlemer i laget.

Publisert 23.02.2017 kl. 07.48.

Spelemannslaget runda 75 år i fjor, og årsmeldinga fortel at i jubileumsåret 2016 har det vore mykje god aktivitet i laget, både innan spel, song og dans, og for folk i alle aldrar.

Dei vaksne har som vanleg treft kvarandre torsdagskveldane i Osasalen, og har delteke i lagspel på kappleikar. Unge felespelarar på Oppheim har fått si speleundervising gjennom spelemannslaget, medan dei andre har hatt sine speletimar i kulturskulen.

Juniorklubben der dei unge som driv med spel, song og dans møtest i eit felles miljø har vore vellukka. Juniorklubben var på tur til Hallingdal i september og deltok mellom anna på mote­showet under Smalahovesleppet.

Det har i heile 2016 vore faste kvedarøvingar for born og ungdom i tillegg til i Juniorklubben, og dei var på kurs i Kaupanger i april saman med Krudlalaget. Det har òg vore uformelle treff mellom dei vaksne kvedarane på Voss.

På dansesida, har det i 2016 vorte arrangert halling for born, ungdomsdans og gamaldanskveldar for vaksne, i samarbeid med Voss ungdomslag. Alle desse gruppene har hatt eit stabilt oppmøte, noko som lovar godt.


I samband med at det i 2016 var 75 år sidan laget var stifta, har det vorte halde to store konsertar i laget i november, ein på Riksscenen i Oslo og ein i Gamlekinoen her heime. Konsertane viste breidda i laget og fortalte historia til laget gjennom musikken­, dans og bilete. I desember fekk Voss spelemannslag tildelt kommunen sin Kulturpris for 2016. Me er glade for at arbeidet me gjer som kulturinstitusjon vert lagt merke til.

På landskappleiken i Vågå vann Leif Rygg spel hardingfele klasse D, og fekk i tillegg tildelt Torkjell Haugerud prisen. Leif Rygg opptredde og i Operaen i Oslo på Meister-konserten i oktober, og fekk mykje ros for si framføring av «Budeiene på Vikafjell» der.

Styret ynskte på årsmøtet å utnemna tre personar til heidersmedlemer. Dei har alle tre profilert dans på strålande vis gjennom mange år både som utøvarar og instruktørar, og som aktive på organisasjonsnivå: Håkon Dregelid, Anna Torhild Førsund Blikberg og Knut Blikberg. Tusen takk!