FOTO: Audun Gudbrandstuen

Vogntog velta på E16 i natt

Eit vogntog velta på E16 på Vossestrand natt til torsdag. Mange vegar i vosseområdet er glaserte av is.

Publisert 16.02.2017 kl. 08.13. Oppdatert kl. 15.23.

SISTE: Klokka 14:40 er det meir eller mindre fri ferdsel på staden, opplyser Vegtrafikksentralen vest til Hordaland.

Vogntoget skal ha velta i vegbana i nærleiken av Skjelviki, slik at vegen vart sperra. Ulukka skjedde rundt klokka 03.00 i natt. Naudetatane rykte ut, og i morgontimane torsdag var bilbergar på staden for å fjerna vogntoget. Vegen vart ei stund heilt stengt, før det vart opna for stund manuell dirigering rundt klokka 06.00. Vogntoget måtte tømmast før det kunne fjernast frå vegbana, opplyser Vegtrafikksentralen vest. No ligg det ved sidan av vegen.

Statens vegvesen melder at det er krevjande vêr og føre for mange.

- Køyr forsiktig, oppmodar Vegvesenet.

Onsdag kveld var det underkjølt regn, og det vart livsfarleg glatt på ei rekkje av vegane i vossedistriktet.

Vegstellet var ute og salta, og både dei og Voss kommune driv i morgontimane på med salting og strøing i området.