annonse

Vossa Jazz-prisen til Maurseth

VOSSA JAZZ-PRISEN
VOSSA JAZZ-PRISEN: Benedicte Maurseth fekk Vossa Jazz-prisen 2018. (Foto: Ingerid Jordal)

Ei tydeleg rørt og stolt Benedicte Maurseth tok imot Vossa Jazz-prisen laurdag kveld.

Marita Saue Hamre

– Tusen hjarteleg takk, sa vinnaren då ho fekk turka tårene, og kome seg opp på scena.

For fullsette Vossasalen tok ho imot prisen som vart delt ut for 31. gong i år.

– Eg lyt takka for tilliten. Dette er heilt fantastisk, sa ho.

Ho la til at det er ekstra stas sidan ho ikkje er jazzmusikar.

«Mest fortent til heideren»

Vossa Jazz-prisen vart delt ut av leiaren av kulturutvalet i Hordaland, Beate Husa.

Før Maurseth vart avslørt som årets prisvinnar hadde Husa gjort greie for grunnlaget for prisen.

– Årets prisvinnar er ein musikar som kryssar sjangrar med stil. Det er særskilt folkemusikken som står hjarta nærast, men òg tradisjonsmusikk frå heile verda. Prisvinnaren er ein av dei dyktigaste, og mest spennande hardingfelespelarane i landet. Ho tilbyr ei unik toneverd der ho gjerne blandar nordisk tradisjonsmusikk med austleg inspirasjon.

Eit av kjenneteikna til Maurseth er fokus på at musikken skal vera ekta og lyttande, ifylgje Husa. Ho nemnde òg nokre av dei artistane prisvinnaren har samarbeida med.

Frå Eidfjord

Den nybakte prisvinnaren er 35 år gammal frå Eidfjord. Ho gjekk på musikklina på Voss, og kan fortelja at jazz er det ho høyrer mest på.

– Difor er det òg stas med denne prisen, for eg høyrer jo så mykje på jazz, fortalde ho.

Maurseth får 50.000 kroner, i tillegg til eit trykk av årets Vossa Jazz-plakat som er laga av festivalkunstnar Marie Storaas.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.