annonse

Vossabadet er eit viktig folkehelsetilbod

SUNT
SUNT: Badet skaper verdiar ut over driftskostnadene, meiner leiaren. Bilete frå seniorsymjing tidlegare i år. (Foto: Stine Strand Carlsen/Arkiv)

Vossabadet slit økonomisk. Ein million kroner i underskot på dei tre fyrste månadene i 2018 er urovekkjande.

Dette kjem på toppen av 600.000 i underskot dei tre månadene badet var ope i 2017.

DEN ØKONOMISKE SITUASJONEN er alvorleg, og kan ikkje undervurderast. Driftskostnadene er langt større enn inntektene. Badet slit med å ha nok pengar til å handtera sine daglege plikter.

BESØKSTALA I VOSSABADET er bra, men ikkje gode nok, og helgetrafikken har svikta.

Ein viktig del av forklaringa er faktisk det særs gode vintervêret. Vossebygda har bak seg den finaste skivinteren i manns minne.

MED GODT VINTERVÊR, har mange føretrekt ski og uteliv i staden. Me har alle fått med oss at både Myrkdalen Fjellheisar og Voss Resort har hatt sine beste sesongar nokon gong.

Berre éi helg med dritvêr var det i vinter. Då var talet på besøkjande i Vossabadet tre gonger så høgt som elles.

MANGE NYE VERKSEMDER slit i oppstartsfasen. Når det gjeld Vossabadet, er likevel underskota så store at ein ikkje heilt kan slå seg til ro med den forklaringa.

Badet og kommunen må i fellesskap snu og venda på alle steinar for å redusera utgiftene.

NOKRE VIL NOK trekkja fram «kva sa eg?» når dei ser desse tala. Dei har fått rett, så langt. Det er stor fare for at underskota vil belasta den tronge kommune- økonomien ytterlegare.

Politikarane får eit svare strev med å få balanse i økonomiplanen for Voss kommune totalt sett for åra framover. Lettare vert det ikkje om Vossabadet held fram å gå med svære underskot.

SAMTIDIG MÅ VOSSABADET få sine sjansar. Ting vil etter alt å døma betra seg berre dei får meir tid på seg. Vêret vil snu. Me som bur på Vestlandet veit at sol og opphaldsvêr ikkje varer evig.

HEILT SENTRALT ER det også å ha med seg at Vossa- badet er eit viktig folkehelsetilbod. Badet skaper verdiar ut over driftskostnadene.

Det skaper trivsel i bygda, både for fastbuande og tilreisande. Born i alle aldrar lærer å symja.

Pensjonistar har fått eit nytt aktivitetstilbod. Det tek likevel tid å innarbeida ein badekultur.

EI DEL-LØYSING FOR badet sin del er at kommunen betaler meir enn i dag for skuleborna si bading på dagtid. Styret for Vossabadet meiner prisen Voss kommune betaler er låg samanlikna med bad andre stader.

Problemet er at Voss kommune i grunnen ikkje har desse pengane.

ELLES VIL ME oppmoda kvar og ein av oss om å marknadsføra badet til besøkjande og turistar.

Og, til dei som enno ikkje har prøvt, kanskje ta seg ein dukkert? Og ta gjerne med venner.

Tilbodet er nytt, og kanskje me må få augo endå meir opp for det flotte anlegget me har i Prestegardsmoen.

LODDET ER KASTA når Voss kommune har bygt bad til 133,5 millionar.

No gjeld det å ha is i magen, og få badet inn i eit økonomisk betre spor.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.