annonse

Vossarebels vidare i Norske Talenter

VOSSAREBELS
VOSSAREBELS: Jakob Sjøtun, Sondre Hegg, Eivind Styve og Sondre Styve. (Foto: TV 2)

Rockabillyane er klare for semifinale.

Katrine Nordanger Mjelde

Jakob Sjøtun, Sondre Hegg, Eivind Styve og Sondre Styve i Vossarebels gjekk fredag vidare til semifinalen i Norske Talenter.

– De skal stola endå meir på at rock and roll er verdt å køyra på med, sa Mia Gundersen til dei fire karane etter fredagens framføring.

– Ta det heilt ut!

Petter Stordalen som var gjestedommar i kveldens program, heidra dei fire karane for klesstilen.

– Eg likar antrekka de går med, kommenterte han.

Heilt på slutten i programmet vart Vossarebels og ei anna rockegruppe, Black Ice, henta inn til dommarane.

– Norske Talenter er eit underhaldningsprogram, men også ein konkurranse og de har alle gått vidare, sa Bjarne Brøndbo til dei to gruppene.

Når semifinalane byrjar, blir det opp til publikum å stemma favorittane sine vidare.

Medlemene i Vossarebels er alle mellom 13 og 17 år. Trass sin unge alder har dei alt mange år på baken som rockeband.

Dei starta bandet i februar i 2010, og har mellom anna spelt på tv og radio. Etter fleire spelejobbar på klubbar og festivalar, vart debutalbumet Bedop! sleppt.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.