annonse

Vossing fekk sju rette i Lotto i sommar – no vart han Joker-millionær

VANN IGJEN
VANN IGJEN: Ein mann frå Voss vart Joker-millionær. (Foto: Norsk Tipping)

Ein svært heldig mann frå Voss vann nesten 2,5 millionar i Joker onsdag kveld. Men det er ikkje fyrste gongen han har vinnarlukke.

Geir Geitle

Onsdagens Joker-kandidat vart ein heldig mann frå Voss.

Han var garantert 498.000 kroner i premie. Den kunne stiga til 2.488.000 kroner.

– Gje deg, var mannen sin fyrste kommentar då Norsk Tipping ringde han.

Heime i stova fekk han sjå at Joker’n dukka opp på det nest siste talet.

Dermed kan han gle seg over nesten 2,5 millionar i premie.

Familiejubel

– Dette var fantastisk. Eg såg på med heile familien. Heile gjengen spratt opp då Joker’n dukka opp, seier den lukkelege mannen i 60-åra.

– Eg er framleis skjelven. Det har nok ikkje sokke heilt inn.

Kupongen leverte han på internett.

Vinnarlukke i sommar

Dette er faktisk ikkje fyrste gongen mannen opplever å vinna ein fyrstepremie hjå Norsk Tipping.

I sommar prikka han inn sju rette i Lotto. Han hadde levert andelsbank – og delte derfor premien med ni andre. Men 359.000 var likevel ein svært fin premie.

– Vanlegvis tippar eg faste rekkjer, men akkurat den dagen gjekk eg for andelsbank. Det var lurt, fortelr mannen, som ynskjer å vera anonym.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.