annonse

Vossing i 20-åra vann 747.000 kroner

PREMIESMIL
PREMIESMIL: Programleiar Kjersti Gullvåg kunne gratulera den unge vossingen med ein fin gevinst. (Foto: Norsk Tipping)

– No vert det ny bil!

Sara Finne

Det var tysdag kveld at mannen i 20-åra frå Voss vann 747.320 kroner i Extra-trekninga. Og det spørst om ikkje 20 er det nye lukketalet hans, for det var det som sikra gevinsten.

– Det er heilt sjukt. No vart eg overraska, seier mannen til Norsk Tipping.

Før trekninga var mannen alt sikra 298.925 kroner, men summen steig altså med over 400.000 kroner.

– Det var veldig spennande å sjå på sendinga. Dette var kjekt! seier den glade vinnaren som seier at han skal bruka pengane på ny bil.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.