JUBEL: Lena Øyeflaten fekk 1. plass i den individuelle konkurransen. FOTO: Natalia Pipkina

Vossingane gjorde reint bord på frisør-NM

Fleire flotte NM-plasseringar til frisørelevar frå Voss.

Publisert 15.02.2017 kl. 14.51. Oppdatert kl. 15.06.

I helga var frisørlinja ved Voss vidaregåande skule på tur til Oslo for å konkurrera i NM i frisering. Elevane deltok i herrefaget under Pivot Point Cup, og kunne skilta med fleire gode plasseringar. Konkurransen er for elevar ved VG2-frisør på dei vidaregåande skulane.

FRISØR-NM: Lena Holven (til v.), Lena Øyeflaten og Elbjørg Hårklau kunne skilta med gode plasseringar etter helgas konkurranse i Oslo. FOTO: Natalia Pipkina

Fleire fyrsteplassar

Lena Øyeflaten vart nr. 1 i den individuelle konkurransen, medan Lena Holven vart nr. 2 og Elbjørg Hårklau nr. 3. I lagkonkurransen tok elevane frå Voss nok ein 1. plass, der Ørjan Lid, Elbjørg Hårklau og Lena Holven gjekk heilt til topps.

- Flotte ungdomar som representerer bygda på ein utmerka måte, seier lærar Ingunn Raad.


Fagleg inspirasjon

Capilli Frisør hadde også deltakarar med, og Ariel Steine Rasdal tok 3. plassen i konkurransen kommersiell motefrisyre i herrefaget.

- Me hadde ei fin helg med mykje fagleg inspirasjon og kurs. No gler elevane seg til utplassering, nokon med Erasmus+ i Danmark og andre i lokale salongar, seier Raad.