annonse

Winjum leiar nye Voss Venstre

NYTT STYRE
NYTT STYRE: Frå venstre er Torstein Gunnarson, Jens Håkon Birkeland (Unge Venstre), Ingebjørg Winjum, Frédéric Larsen, Kristina Øvsthus Stavenes og Atle Seim. (Foto: Privat)

Venstrelaga på Voss og i Granvin er samla i eit nytt Voss Venstre, med Ingebjørg Winjum frå Granvin som leiar.

Sigrid Seim

Måndag var dei to partilaga samla i Granvin, for å leggja ned noverande partilag, og å stifta eit nytt Voss Venstre. Elleve frå Voss og fire frå Granvin var til stades, opplyser laget i ei pressemelding.

Det har vore full semje om at Venstrelaga skulle gå saman, og i god tid før arbeidet med program og liste til kommuneval må gjerast. Alle vedtaka på møtet var samrøystes.

Framleis kvar sine grupper

Ordføraren i Granvin, Ingebjørg Winjum, er vald til leiar i det nye styret. Ho forsikrar om at ho som leiar ikkje skal blanda seg inn i arbeidet som dei valde representantane i noverande Voss kommunestyre gjer.

– Me skal framleis ha kvar våre kommunestyregrupper og kvar våre gruppemøte. Dette vert ein overgangsperiode, som me må finna praktiske ordningar for. Det viktigaste vert å førebu lister og program fram mot valet i 2019. I fyrste omgang vert det ikkje så mykje politikk, men heller meir praktisk som skal løysast, meiner Winjum.

Ho nemner rekneskap som skal avsluttast og ny organisasjon som skal registrerast, mellom anna.

Nominasjonsarbeid

Når den nye vallista skal setjast opp, håpar ho at venstrefolk i Granvin vil melda seg til teneste. Om ho sjølv skal ha plass på den lista, er ho avvisande til.

– Eg er så gammal, det er fyrst og fremst yngre folk som må sleppa til!

Det nye styret i det nye venstrelaget er samansett med Winjum som leiar for eitt år, dessutan Atle Seim (2 år), Frédéric Larsen (2 år), Katrina Øvsthus Stavenes (2 år), Torstein Gunnarson (1 år), Jens Håkon Birkeland, Voss Unge Venstre. Varamedlemer: Leif Helge Vevatne, Elin Seim, Knut Olav Røssland Nestås.

Programnemnd vart også vald: Elin Seim, Tore Holven, Jens Håkon Birkeland og Leif Helge Vevatne. Det nye styret skal peika ut nominasjonsnemnda.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.