Avisa Hordaland

Oppdatert: Søndag 14.03.2010 13:37

«Ynskjer fleire vossingar med neste år»

Hannah Wood og Frnak Rørlien var to av dommarane. Foto: Frode Rene

Ynskjer fleire vossingar med neste år

Publisert: 15.12.09 kl. 07.37
Skribent: Frode Rene
E-post: fr@avisa-h.no

VM i «heimabrygg» vart avvikla på Rongastovo i helga. Det var langt mellom vossingane på resultatlista.

– Eg tykkjer det var svak deltaking av Vossingane i år, seier initiativtakar av VM i «heimabrygg» Odd Himle.

 Skapa større interesse

For seks år sidan fekk han i gang den uhøgtidlege konkurransen om kven som laga best øl.

– Det er kunst som har gått i generasjonar i meir enn 10.000 år, fortel ein entusiastisk Himle. Han likte dårleg at vossingane ikkje greidde hevda seg mellom dei tre beste i år. Både sogningar og bergensarar slo vossingane ned i sokkane på Rongastovo laurdag kveld.

No vonar Himle på større deltaking og revansj av vossingane til neste år.

Dommarane

Det er ikkje berre det å laga ølet som er ein kunst, også det å vera dommar er ein kunst og krev ein følsam gane.

Difor sat det fem kunnskapsrike dommarar og smaka seg fram til det beste brygget. Bakgrunnen deira var allsidig.

Torgils Rongve (ekte bordøling), Hannah Wood (lærar Jordbruksskulen Aurland)

Frank Rørlien ( Fabrikksjef på Hansa. Tidlegare Bryggerimeister i same verksemd)

Wigdis Espeland Jondal( førsteamanuensis ved Universitetet i Bergen. Ho er oppteken av mat og drikketradisjonar.)

Sjur Nesheim, Granvin,  tidlegare gardbrukar kultur og bryggjemann.

Positive tilbakemeldingar

Odd set stor pris  på at bryggjarane stør opp om arrangementet. Han tykkjer det er bra at bryggjarane gjev tilbakemeldingar på at opplegget er bra.

– Då har me i alle høve oppnådd noko med dette, seier ein godt nøgd Odd Hime.

 Her er dei ti beste under årets VM i «Heimabrygg»

  1. Bjelde Gard, Sogndal
  2. Hordamuseet, Bergen
  3. Per Dale, Flåm
  4. Lønavatnet og omegn heimebryggjarlaug, Voss
  5. Jan Gunnar Vaage, Samnanger
  6. Olav Nygård, Lofthus
  7. Stølesmauet ølbryggerlag, Bergen
  8. Ekspedisjonen bryggeri, Lofthus
  9. Myragubbens jolaøl, Voss
  10. Jan Skorve, Voss

 

Interaktivt

Mest lest

Mest tipsa

Siste frå galleri

  • Sjå Goa'badne
  • Eigedom
  • Stilling ledig

Smått og stort

ROLEG: – Som helsesyster vert ein van med å jobba sjølvstendig, seier Marta Katrine Egdetveit, som no for tida har fullt opp med å setja seg inn i sin nye jobb. DANIEL MELVE KVARME | foto

PORTRETTET: Marta steg for steg

– Viss du skal eta ein elefant, må du dela han i små porsjonar! Marta Katrine Egdetveit ler godt og hjarteleg. / Les saka

Bilete til saka «LEIAR: Slaktar mjølkekua?»

LEIAR: Slaktar mjølkekua?

I desse dagar har vossingane fått tilsendt giro for innbetaling av eigedomsskatt. / Les saka

Bilete til saka «Levande bjørk i vinterkulda»

Levande bjørk i vinterkulda

Det er 25 minus og sylklar morgon ved Djukastein på Bulken. / Les saka

Du må ha Flash 8 eller nyare for å sjå dette innhaldet

Siste frå Voss

Vossing sentral i ny krimroman

Kai Flatvåg heiter han i romanen, Kai Svellingen Flatekvål er det verkelege namnet. Og han vert skremd til å ta sitt eige liv på side 16 i den nye bergenske krimromanen «Karma». / Les saka

VANN: Gunvor Wæhle var best i noregscupen på Voss. FOTO: PER FINNE

Wæhle vann etter avlysing

VINTERVEKO: Gunvor Wæhle vann kvalifiseringa og vert ståande som vinnar av noregscupen i frikøyring då Vinterveko måtte avlysa finalen laurdag. / Les saka

Søk i avisene tilbake til 2004
kan du enkelt gjera her. Skriv inn søkeordet ditt - og du får opp fleire val. Klikk på dei ulike vala og du får opp eit bilete av sida søkeordet dukkar fram på. Klikk på biletet for å lasta ned og kjøpa sida.

Søk i tidlegare utgåver:

Buy and Read

Siste frå Granvin/Ulvik

Fylkesveg 572 opna att

RASFAREN REDUSERT: Fylkesveg 572 mellom Ulvik og Bruravik er no opna att for trafikk. Vegen vart stengd onsdag kveld klokka 19.00 grunna stor rasfare.    / Les saka

LETTA: Jarle Trå er glad og letta over PFU si avgjerd, men utelukkar ikkje at han likevel vil gå rettens veg. ARKIVFOTO: DANIEL MELVE KVARME

Trå vurderer rettssak

Jarle Trå gler seg over at Dagbladet vart felt i PFU. Han vurderer likevel å gå rettens veg. / Les saka

Du må ha Flash 8 eller nyare for å sjå dette innhaldet

Siste frå Vaksdal/Modalen

Gaute Klyve. Foto: Frode Rene

NSB gav pendlarane ein kalddusj

Det same toget som laut returnera Bergen stasjon i ettermiddag etter røykutvikling, gav fleire av dei reisande ein kalddusj, bokstaveleg tala. / Les saka

Fylkesveg 313 opna att etter ras

Vegen frå Teigdalen til Nesheim i Eksingedalen er no opna att etter at det i føremiddag gjekk eit snøras der. / Les saka

Bilete til saka «Vinterdag på Hamlagrø»

Vinterdag på Hamlagrø

Strålande sol, knallblå himmel, rimfrost på trea og mykje snø, nett slik me ynskjer det til påskeferien, men det er kaldt. / Les saka

Bilete til saka «Solnedgang og fullmåme»

Solnedgang og fullmåme

I finveret dei siste dagane har me hatt ein fantastisk solnedgang og måne. / Les saka

Utviklet i KeyPublisher, et Keyteq AS © 2010 produkt