annonse

Ynskjer gauper velkomne

KAN VERTA FLEIRE AV DESSE
KAN VERTA FLEIRE AV DESSE: Hordaland fylkeskommune synst det er urovekkjande med jakt av raudlista artar, slik som gaupa er. (Foto: Dagfinn Roe)
DREPEN
DREPEN: Denne gaupa vart skoten på Voss i mars, og er bakgrunn for eit nytt vedtak av Hordaland fylkesting. (Foto: Sveinung Klyve)

No seier Hordaland fylkesting ja til gauper i fylket.

Siri Flatlandsmo

Dette vart klart i eit nytt vedtak frå fylkestinget, melder Bergens Tidende.

I uttalen tek fylkestinget til orde for totalforbod mot jakt på gaupe. Dette er fordi bestanden no er lågare enn det nasjonale målet.

– Urovekkjande med jakt

«Hordaland fylkeskommune mener det er urovekkende at vi har en rovdyrforvaltning som tillater jakt på rødlistede dyr, slik gaupen er», heiter det i uttalen.

Bakgrunn for uttalen er mellom anna gaupa som vart skoten på lovleg vis på Fenne på Voss i mars, som fekk mykje merksemd. Slik det er i dag er det fritt fram for gaupejakt på einslege streifdyr i februar og mars.

Resolusjonen vart vedteken mot stemmene til Sp, H, Frp og KrF.

Kan bidra positivt

Stortinget har tidlegare bestemt det skal vera 65 ungekull av gaupa i Noreg, men ingen i Hordaland.

I vedtaket til fylkestinget vert det trekt fram at gaupa kan bidra positivt med å halda bestanden av hjort og småvilt nede.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.