Avisa Hordaland

Reportasje

Loddrett lukke på Voss

Loddrett lukke på Voss

Stupa ved Staup er supre å klatra i. Voss klatrarlag har sett i stand fleire ­ruter opp dei bratte klippene.

Likar du luftig eksponering, frisk luft, fysiske og mentale utfordringar? Finn du glede i å hengja deg opp i bagatellar?

Då er klatresporten noko for deg.

Voss klatrarlag er eit lite lag som for tida tel 15 medlemer, og som gjerne vil verta fleire.

No fortel ein av ­entusiastane, Øystein Ormåsen, at dei har funne nokre riktig flotte bratte berg i lia over Løno.

– Desse klippene er supre klatrevegger, med godt fjell og ulike formasjonar, slik at klatrarane innanfor eit lite område kan velja seg alt frå lette til krevjande ruter, fortel han.

Ifylgje Ormåsen er det reine ­luksusen å ha slike fasilitetar så nær der ein bur, og han håpar dette kan stimulera klatregleda på Voss, og få opp medlemstalet i Voss klatrarlag.

Pussar fjellet med kost

Då klatrarane oppdaga klippene, gjekk dei til grunneigarane og høyrde om dei kunne få bruka området.

Det fekk dei, og no er laget i full sving med å rydda småskog og kratt ved foten av fjellet.

Laget har også gjort reint og ­plukka ut lause steinar oppetter klippa, før dei har komponert klatre­ruter ved å festa boltar på strategiske punkt i fjellet.

Ved fyrste augnekast ser klippa over Løno ut som eit heilt vanleg stup på Vestlandet.

Karl Ystanes - KLATREKLIPPER Kasper Haugland og Maja Hanstveit tek seg opp berget, medan Øystein Ormåsen og Rune Stuhaug sikrar dei.

KLATREKLIPPER: Kasper Haugland og Maja Hanstveit tek seg opp berget, medan Øystein Ormåsen og Rune Stuhaug sikrar dei.Foto: Karl Ystanes

Når me ser nærmare etter, ser me faktisk at mosen er borte i fleire nesten loddrette felt i berget. Så får me auge på dei små boltane.

Dette er klatrarane sitt verk. dei har rett og slett hange i tau og skura berget med stålkost.

Deretter har dei bora inn syrefaste stålboltar, slik at det er råd å sikra seg med tau etter kvart som ein tek seg opp fjellsida.

Kasper klyvar

I kveld er det ny dugnad i berget, og Ormåsen har invitert avisa med på «klatring, dugnad og kveldsmat».

Dei vil syna fram litt av det vertikalfolket på Voss syslar med.

– Velkomen, seier han, og tek imot oss med eit stort friskus-smil, kaffi­tilbod og eit solid handtrykk. Etter 15 år med eit liv i fjellvegger, er handa hans ru og sterk. Fingertuppane kunne nok hatt litt meir hud, men slik er det når du elskar å klora deg fast til bergvegger.

Ein neve klatrarar i ulik alder har alt kome opp til klippene.

Nokre svingar motorsaga, andre vil klatra. Ved den eine klatreruta gjer Kasper Haugland seg klar.

Karl Ystanes - PÅ VEG OPP Likar du luftig eksponering, frisk luft, fysiske og mentale utfordringar? Finn du glede i å hengja deg opp i bagatellar? Då er klatresporten noko for deg.

PÅ VEG OPP: Likar du luftig eksponering, frisk luft, fysiske og mentale utfordringar? Finn du glede i å hengja deg opp i bagatellar? Då er klatresporten noko for deg.Foto: Karl Ystanes

Han tek på klatresko, festar klatreselen og går til Øystein for ein sikkerheitssjekk.

Øystein er utdanna instruktør, og held klatrekurs.

– Det ser bra ut, du kan byrja, eg sikrar deg, seier han og nappar i åtte­talsknuten til Kasper. Kasper kikkar litt opp og festar skuggelua bak fram, før han set venstrefoten inn i ei lita glipe og vert ein edderkopp med Os-dialekt.

Ansvar for kvarandre

Sikringstauet han dreg etter seg opp berget, festar han med karabinkrokar til boltane etter kvart som han forserer dei.

Skulle han mista ­grepet, vil tauet halda han att frå å falla langt.

Tauet går frå Kasper, via boltane og ned til Øystein, som kan halda att.

– Det er eit ansvar å ha, men dette kan me, dette gjer me heile tida, seier den erfarne klatraren, som faktisk la bryllaupsreisa til Stetind, Noregs nasjonalfjell, saman med kona Birte Toft Haugland.

Ho er også i berget denne kvelden, og tek seg opp naboruta til Kasper medan me snakkar med Øystein.

Birte har klatra i ei årrekkje, og verkar vektlaus der ho heng ti meter over bakken.

Kasper finn små ­løysingar oppover. Sikkert, og ikkje så sakte tek dei seg opp. Det er ­imponerande.

Snart er båe klatrarane på toppen, og kan rappellera ned att. Det ser så lett ut. Og kjekt!

– Me er svært glade for å få bruka desse klippene, og om andre skulle ha lyst til å prøva denne sporten, må dei veldig gjerne ta kontakt med oss eller Voss Utferdslag, fortel Øystein.

– Det ser ganske farleg ut. Er det ekstremsport?

– Eg likar ikkje å nytta ordet ekstrem­sport om klatring som dette. Det er sjølvsagt ikkje utan risiko å klatra, men me passar jo på, og det handlar om å finna utfordringar i stil med ferdigheitene ein har. Då er det ikkje ekstremt. Men det er jo ein aktivitet som treng at du set deg inn i kva det går i, tenkjer på tryggleik og utviklar kompetanse og evner slik at tryggleiken heile tida har rangen. Ingen bør gå i gang med dette på eiga hand utan trening. Me tek med oss taua når me går herfrå, og all ferdsel her, som elles i ­naturen, føregår på eige ansvar, seier Ormåsen.

Bakkeng - SNUFESTE På toppen går tauet gjennom eit snufeste, som gjer at klatraren både kan sikrast på veg opp, og firast ned att.

SNUFESTE: På toppen går tauet gjennom eit snufeste, som gjer at klatraren både kan sikrast på veg opp, og firast ned att.Foto: Bakkeng

– Men det hender også at me held nybyrjarkurs, og me lærer kvarandre opp og passar på kvarandre. Om nokon vil sjekka dette ut, så lovar eg at det vil vera råd å få kjenna på korleis det er å klatra, og det er ikkje mykje som skal til før du kjenner ei god kjensle av meistring. Me stiller med naudsynt utstyr på ­arrangementa våre, fortel han.

Klatring er ei blanding av fysisk og mental meistring.

– Det er veldig god trening både for kroppen og hovudet. Det er spennande. Mange får ei god kjensle av meistring når dei greier å kopla ut, eller takla dei naturlege ­refleksane som set i sving frykt og uro, og halda roa og fokusera på oppgåvene, slik at det faktisk er råd å ta seg opp eit bratt berg, slik Kasper gjorde no, forklarar Øystein.

Bra for fulle hjernar

Han meiner klatring også er godt for oppkava og overfylte hjernar.

– Mange av oss lever med ei rekkje konstante avbrot med meldingar, tele­fonar, e-postar, sosiale medium og støy, oppgåver, plikter og planar, som gjer at me sjeldan er i situasjonar der me konsentrerer oss om få saker over tid. I klatringa er det motsett. Du vert maksimalt fokusert på oppgåvene du skal gjennomføra i berget der og då. Det er denne staden, desse minutta, desse rørslene som gjeld, ingenting anna. Du hamnar i ei boble av tid og rom. Du konsentrerer deg om å flytta kroppen, finna balansen og bruka armar og bein i ein serie av bestemte og koordinerte rørsler, slik at du greier å ta deg fram i eit område du kanskje ikkje trudde du kunne greia. Og det er det heile! Mange finn denne eigenskapen ved klatresporten tiltrekkjande og at det gjer godt for hovudet, rett og slett. Dessutan er klatring sosialt og moro, fortel Øystein Ormåsen.