Avisa Hordaland

Reportasje

Amalie lever ut tv-draumen

Amalie lever ut tv-draumen

Frå bilberging på Hardangervidda, til fødslar på Voss sjukehus. Amalie Skeie får oppleva litt av kvart i jobben sin.

Du har kanskje sett «Vinterveiens helter», eller kva med «Fødeavdelingen» på FEM? Amalie Skeie frå Ulvik er mellom dei involverte bak kamera, og tankane om ein yrkeskarriere i tv-bransjen fekk ho på Voss.

Se dette bildet i full størrelse
Privat - I HEIMTRAKTENE Amalie Skeie ved Osafjorden i Ulvik.

I HEIMTRAKTENE: Amalie Skeie ved Osafjorden i Ulvik.Foto: Privat

– Då gjekk eg media på husflidsskulen, og interessa kom etter ei kortfilminnspeling i Ulvik. Eg bestemte meg for å søkja meg inn på bachelor i film- og tv-produksjon på UiB, fortel Skeie.

Der treivst ho godt, og fekk læra om alt frå film til tv, fiksjon og dokumentarar. Etter at ho var ferdig på UiB, gjekk turen til England for ein master i tv-produksjon på Falmouth University. Studiet gjekk over 12 månader.

– Det var intenst, med få studentar der me jobba som eit produksjonsteam, fortel Skeie.

Gjennom mastergraden fekk ho spesialisert seg meir mot tv.

– Eg fekk gjera mykje som hadde med regi å gjera, og har spesialisert meg innan det som heiter «producer director». Det er ein kombinasjon av produsent og regissør, seier ho.

Til Noreg

Etter ho var ferdig med mastergraden, fekk ho tilbod om å koma heim til Noreg for å vera med på eit prosjekt. Det takka ho ja til.

– Eg har reist litt fram og tilbake, men stort sett jobba i Noreg etter at eg var ferdig med mastergraden i 2013, seier regissøren.

Mellom seriane ho har vore med på dei siste åra, er altså «Vinterveiens helter». Det var ITV Studios Norway som hanka henne inn då ho kom heim frå England, etter at Skeie hadde vore i kontakt med dei gjennom studia.

– Dei visste om meg. I bransjen handlar det mykje om nettverk. Så vert ein kanskje involvert i eit selskap og ballen byrjar å rulla, fortel Skeie.

Med «Vinterveiens helter» jobba dei i «team» på to personar, éin fotograf og éin regissør.

– Jobben min er på mange måtar å ha med folk å gjera. Eg planlegg opptak, er den som intervjuar og finn ut korleis me skal fortelja historia, i tillegg til å kommunisera med redaktør og produsent, fortel Skeie.

Godt kjent

Ho og fotograf Mads Iversen fylgde bilbergar Bjørn Lægreid på Hardangervidda.

Se dette bildet i full størrelse
Vidar Herre/Arkiv - PÅ HARDANGERVIDDA Her er Skeie (til h.) på arbeid saman med fotograf Mads Iversen og bilbergar    Bjørn Lægreid.

PÅ HARDANGERVIDDA: Her er Skeie (til h.) på arbeid saman med fotograf Mads Iversen og bilbergar Bjørn Lægreid.Foto: Vidar Herre/Arkiv

– Det var kjempespennande og kjekt å få vera med på. Sidan eg er frå Ulvik kjenner eg jo området litt, og har elles vorte utruleg godt kjent på den strekninga, ler regissøren.

Ho har berre godord å koma med om bilbergaren.

– Bjørn er ein kul fyr. Han er veldig dyktig, som mange av dei andre i det yrket, seier ho.

I arbeidet med serien stod dei ofte midt på Hardangervidda i snøstorm.

– Då kjenner ein jo at ein lever litt. Det kunne skje ting døgeret rundt, og me måtte vera klare til å rykkja ut når som helst, fortel Skeie.

Andre prosjekt

Skeie har òg vore med å laga «Alene» som går på TV 2 Zebra, der ti personar reiser ut i villmarka for å sjå kor lenge dei klarar å leva med berre få hjelpemiddel. No for tida jobbar ho med «Fødeavdelingen», og det har ho gjort sidan byrjinga av mars.

– På «føden» slepp eg å gå i kjeledress, som eg gjekk med i nesten to år, ler Skeie.

Sjølv om det er eit heilt annleis prosjekt, må ho likevel vera klar for å rykkja ut til ein fødsel når som helst.

– «Fødeavdelingen» er jo ein spesiell serie å få jobba på. Ein kjem tett på folk i deira livs største augneblink, så eg kjenner meg privilegert som får vera med, seier regissøren.

Ein må jobba hardt og vera motivert. Eg trur det er viktig berre å vera med på så mykje som mogleg, engasjera seg og bli kjent med folk i bransjen.

Ho treffer para på førehand og vert kjent med dei. Dei som er med på prosjekta jobbar på skift, men dersom det vert Skeie som får vera med på ein fødsel, er det ho sjølv som filmar.

– Fordi det berre skal vera éin person med på fødestova. Det er viktig at me tek minst mogleg plass, seier ho.

Skeie legg til:

– Intensjonen er å visa eit breitt spekter, men me viser ingenting som ikkje går bra. Sjølv om det er fint å få fram at det kan vera utfordringar i mellom, går det som regel alltid fint, seier regissøren.

Gode tips

Skeie likar å fortelja små historier om vanlege folk, som opplever store eller heilt vanlege ting. Ho er glad for å vera i bransjen.

– Det er dette eg har jobba hardt for å få driva med. Eg får sjå kor lenge eg held på. Kanskje eg etter kvart gjer noko anna innan same bransjen, seier Skeie.

Les også: Nathalia sin fødsel skal på tv

Regissøren har fleire tips til dei som ynskjer å driva med tv.

– Ein må jobba hardt og vera motivert. Eg trur det er viktig berre å vera med på så mykje som mogleg, engasjera seg og bli kjent med folk i bransjen, seier ho, og legg til:

– Det kan ta tid og det er ein tøff bransje, men viss ein verkeleg vil det, er villig til å jobba hardt og vera med på moro, så kan ein få det til.