Avisa Hordaland

Reportasje

Høgt og lågt med festivalStina

Høgt og lågt med festivalStina

I fem døgn kokar ho kaffi, guidar, kjøper øl og stryk både skjorter og felestrenger. Sova kan ein gjera seinare, meiner Stina Brandin. – Festivalen er jättekul! Eg vil ikkje gå glipp av noko.

Svenske Stina Wästvind Brandin frå Dalarna har omfamna hardingfela. Difor er ho student på Ole Bull Akademiet. Ho har og omfamna Osafestivalen. Difor jobbar ho frivillig i fem døger for å få den gjennomført. Undervegs i helga er ho artistvert for tre forskjellige grupper, i tillegg til sjølv å vera musikar. Fredag føremiddag er ho på plass i Voss sparebank – som musikar. Etter konserten ser ho gjennom listene over kva ho må gjera.

Se dette bildet i full størrelse
Ingerid Jordal - VELKOMEN Väsen kjem til Ole Bull-akademiet og vert møtt av artistvert Stina.

VELKOMMEN: Väsen kjem til Ole Bull-akademiet og vert møtt av artistvert Stina.Foto: Ingerid Jordal

Se dette bildet i full størrelse
Ingerid Jordal - DØGNBEMANNA TELEFON – Dei ringde meg i dag tidleg og spurde kvar kaffien var. Då er det berre å spretta opp.

DØGNBEMANNA TELEFON: – Dei ringde meg i dag tidleg og spurde kvar kaffien var. Då er det berre å spretta opp.Foto: Ingerid Jordal

Stormfull helg

– Det er meldt storm no, så det eine bandet kjem i dag i staden for i morgon. Lydsjekk 11.30, konsert 12.30, flyet landar kl. 12 ... toget ... møta bandet, ny lydsjekk kl. 15 ... og så må dei ha mat og kaffi.

Helga er fullpakka. Stina sin jobb er ikkje ferdig før alle artistane «hennar» er reist på måndag.

– Eigentleg skulle eg berre vera vert for to artistar. Men så vart det forfall og eg sa ja til ein tredje.

– Angrar du på det no?

– Nei! Det her er jo jättekul!

Ein artistvert er den som møter artistane når dei kjem til bygda, syner dei kvar dei skal bu, passar på at dei har alt dei treng og fylgjer dei på lydsjekk og konsert. Om noko manglar – frå ein kulepenn til ein gitarstreng – så må Stina trø til.

Se dette bildet i full størrelse
Ingerid Jordal - STINA ER BEST Väsen skryt av artistverten sin. Stina deler ut blomar etter vel gjennomført konsert.

STINA ER BEST: Väsen skryt av artistverten sin. Stina deler ut blomar etter vel gjennomført konsert.Foto: Ingerid Jordal

Se dette bildet i full størrelse
Ingerid Jordal - TIL OG FRÅ På veg frå lunsjkonsert i banken og opp til akademiet.

TIL OG FRÅ: På veg frå lunsjkonsert i banken og opp til akademiet.Foto: Ingerid Jordal

Øving på sju minutt

Stina er student på tredje året ved akademiet, så det er forventa at elevane deltek som frivillige. Men Stina VIL vera med.

– Jo meir eg får vera med på, jo betre!

– I tillegg til å vera noregsvenn og hardingfeleentusiast, er Stina også meister på sin eigen tradisjon, seier professor Steinar Ofsdal i forbifarten.

For Stina er ein erfaren musikar, og har alt ei utdanning i svensk folkemusikk.

Ho flytta til Setesdal i Noreg for å læra å spela hardingfele.

– Kvifor?

– Fordi hardingfele er det finaste som finst, seier Stina og smiler breitt. Ho pakkar saman feler og papir og går til neste oppgåve.

Ingerid Jordal - LYNØVING Øving på sju minutt får ho akkurat pressa inn.

LYNØVING: Øving på sju minutt får ho akkurat pressa inn.Foto: Ingerid Jordal

Ho legg seg klokka 04. Klokka 09 ringjer det eine bandet. Kvar er kaffien? Stina sprett opp og kokar. Sova kan ho gjera seinare. Klokka 14 er det tid for neste band. Svenskane i Väsen er gamle kjende for Stina.

– No ringjer dei!

Olov Johansson og Mikael Marin sjekkar kjapt inn på hotellromma sine før dei skal vidare på lydsjekk. Innimellom ankomst har Stina si eiga øving – ho skal delta på avslutningskonserten sundag. Ho spring ned trappa til Osasalen. Her ventar om lag halvparten av musikarane. Kvar er resten? Stina spring opp trappa att. På eit hjørnekontor finn ho dei. Alle skal opp. Ny trappeløp for Stina, denne gongen med fele. Resten av orkesteret fylgjer på. Lynøvinga er over på sju minutt.

– Skal du vera med og eta, Stina?

– Eta? Det rekk eg ikkje i dag! Ho ser på klokka. Jo, det er 13 minutt med fritid som Stina kan bruka i kantina.

– Hadde du det travelt i dag tidleg, eller?

Venninnene ler og peiker bort på eit bord. Ei skive med sveitt gulost og eit halvfullt glas mjølk. Stina har sprunge frå alt i dag tidleg.

Se dette bildet i full størrelse
Ingerid Jordal - LYDSJEKK Stina ser til at alt er som det skal på lydsjekken til gruppa Vrang.

LYDSJEKK: Stina ser til at alt er som det skal på lydsjekken til gruppa Vrang.Foto: Ingerid Jordal

Se dette bildet i full størrelse
Ingerid Jordal - TRAPPELØP Det blir eit par hundre rundar opp og ned trappene på akademiet denne helga.

TRAPPELØP: Det blir eit par hundre rundar opp og ned trappene på akademiet denne helga.Foto: Ingerid Jordal

Den fødde festivalvert

Ein kjapp lunsj og så ned i gamlekinoen. Stina har ansvar for gruppa Vrang, som har lydsjekk no.

– Er alt i orden? Er det noko de treng? Ingenting tyder på at Stina har sprunge som eit piska skinn sidan i dag tidleg. Ho smiler og tek seg tid til å prata. Vert ho ikkje sliten?

Då klokka er halv ni laurdagskvelden, vedgår Stina at ho er sliten på grad seks på ein skala frå ein til ti.

Gitarist Roger Tallroth i Väsen skal straks på scena. Han skryter av artistverten Stina.

– Men kor mykje kan ein som artist utnytta verten sin?

– Haha, det spørst kva ein har samvit til, svarar han.

– Me klarer oss stort sett sjølve, men Stina redda oss i dag. Ho hjelpte oss å kjøpa øl då mitt svenske kort ikkje fungerte.

Stina er frå spelemannsslekt. Ho har mange historier på lager. Me er backstage, eller i «fyrespelet» som det heiter i Osasalen, og stemninga er god.

– Min gammalmorfar vart fødd i Chicago av svenske foreldre. Han var spelemann og jobba på sagbruk. Der fekk han kutta av fingrane på eine handa, fortel Stina.

Men musikaliteten gjekk vidare nedover generasjonane, som flytta til Sverige att. Stina seier ho eigentleg er vaksen opp som artistvert, med huset fullt av spelemenn og heimen som herberge for artistar.

Midnatt har passert. Stina er snart sliten grad 8 av 10. Men lei, det vert ho aldri. For ho har eit mål.

– Kva gjer du om 10 år?

– Då er eg musikar halve tida og produsent halve tida. Eg vil gjerne driva ein festival.

– Kva festival då?

– Gjerne ein i Norge. Eg kan godt ta over Osafestivalen. Det skulle vara kul!

Se dette bildet i full størrelse
Ingerid Jordal - GOD FORPLEIING Stina hentar forpleiing til artistane.

GOD FORPLEINING: Stina hentar forpleiing til artistane.Foto: Ingerid Jordal

Se dette bildet i full størrelse
Ingerid Jordal - RYDDAR Etter ein konsert er det alltid nokon som gløymer noko. Men ikkje Stina.

RYDDER: Etter ein konsert er det alltid nokon som gløymer noko. Men ikkje Stina.Foto: Ingerid Jordal

Under avslutningskonserten sundag kveld er det mange slitne musikantar og festivalvener i Osasalen. Dei nystrokne skjortene på musikarane er det Stina som har stått for. Utan å kny.

– Du må villa jobba i den her bransjen. Det nyttar ikkje å vera fin på det.

Sjølv har ho skifta antrekk og er klar for å spela opp til Vossavalsen. Det er så vidt alle musikantane får plass på scena. Så snart ho er ferdig, er det opp og dela ut roser. Rydda backstage. Sjekka at ingen har lagt att noko på scena. I kveld skal dei feira seg sjølve med smalahovemiddag.

Men Stina har alt fått si løn. I løpet av helga har ho ikkje høyrt få gonger:

– Stina er den beste artistverten!

Ingerid Jordal - AVSLUTNING Feiring med smalahove sundag kveld er tradisjon for dei frivillige. – Auga og øyra var godt. Tunga var ekkel!

AVSLUTNING: Feiring med smalahove sundag kveld er tradisjon for dei frivillige. – Auga og øyra var godt. Tunga var ekkel!Foto: Ingerid Jordal