annonse

Leikande lett for Badnajazzkoret

BADNAJAZZ
BADNAJAZZ: Det vart både dans og song under årets Badnajazz i Vossasalen. (Foto: Jon Hunnålvatn Tøn)
STAS
STAS: Borna koste seg på scena, og vinka til kjensfolk som sat i salen og klappa. (Foto: Jon Hunnålvatn Tøn)
FULL SAL
FULL SAL: Salen var fullt med born, foreldre, besteforeldre og vener då Badnajazzkoret heldt konsert sundag. (Foto: Jon Hunnålvatn Tøn)

Storkonsert med musikalske og fysiske sprell sette stemninga for sundagen på Vossa Jazz.

Marita Saue Hamre

I Vossasalen på Park Hotel sundag var det mange spente born og vaksne som venta på at Badna­jazzkoret, under leiing av Mads Berven, skulle komma ut på scena.

– Velkomen til konsert, og ikkje minst til Badnajazz-­konsert, sa festivalleiar Trude Storheim til publikum.

Ein liten gut frå salen ropte ut at han hadde vore på konsert før. Folk i salen smilte og lo litt, og det var god stemning.

– Ja, no er me alle på konsert, og me er så heldige. Ta vel imot Badnajazzkoret, svara Storheim til guten.

Publikum klappa koret fram, saman med Berven, Anders ­Bitustøyl på bass, Cato Lyngholm på trommer og Einar Sogstad på tangentar.

Ka så?

Konserten starta med «Noko er på gang», og både koret med 25 born og publikumarane lagde rørsler i takt med songen.

– Dette er det beste koret eg har høyrt, sa Berven.

Årets tingingsverk vart kalla «Ka så?», og gjekk igjen i ein av songane som koret song saman med bandet.

– No må alle vera med å syngja – reis dykk opp og bli med! oppmoda Berven før songen starta.

Publikum var med, og det vart klapping, synging og plystring frå publikum. Borna dansa for seg sjølve framfor scena, medan nokre andre sprang rundt.

– Det er jo veldig god stemning her då, sa gitaristen.

Viktig tekst

Ein av songane som bandet framførte hadde ein viktig tekst, som Berven ville at alle skulle syngja med på. Borna i koret song fyrst, og publikum etter:

– Hei på deg. Vil du vera venn med meg? Viss du vil vera snill, kan me alle få det til, gjekk teksten.

I den elles mørke salen lyste ljoskastarar opp koret, bandet og publikum då dei song saman. Borna i koret leitte etter kjensfolk mellom publikum, og vinka fint til dei vaksne.

Alle med

I nesten ein time underheldt Badnajazzkoret, og alle vart ein del av konserten. Med mellom anna polonese gjennom salen, allsong og dansing vart det ein konsert som alle tok del i.

Etter polonesen gjennom ­publikum, spurde Berven borna i koret om det gjekk bra:

– JAAA, ropa koret inn i mikrofonane medan publikum klappa.

Alt i alt var det veldig god stemning i Vossasalen, både mellom små og store.

– Tusen takk, Vossa Jazz. ­Tusen takk, Badnajazzkoret, avslutta Berven.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.