Avisa Hordaland

Reportasje

Livet etter kreften

Livet etter kreften

Gravid i sjette månad fekk Line Eide Vik (33) kreftdiagnosen. I dag er ho frisk, men slit framleis med seinskadar etter behandlinga.

JANUAR, 2012. Jula er over, eit nytt år ventar. Line Eide Vik frå Stamnes er lukkeleg. Ho og mannen Egil ventar sitt andre barn. Tilde på to skal bli storesyster. Familien er full av forventningar.

Men ei uro lurar likevel. Line har oppdaga ein kul på halsen. Den har vore der ei stund. Ho kjenner seg slapp og trøytt, og klør på kroppen.

– Utmattinga og kløinga tenkte eg var vanlege graviditetsplager. Men kulen bekymra meg, seier ho.

BESKJEDEN FRÅ LEGANE er nedslåande. Ho har fått ein type lymfekreft kalla Hodgkins lymfom. Kreften er komen langt.

Se dette bildet i full størrelse
Privat - DET VIKTIGASTE I LIVET Storesyster Tilde og vesle Ida i armkroken til mamma i den tunge kreftbehandlingstida for seks år sidan.

DET VIKTIGASTE I LIVET: Storesyster Tilde og vesle Ida i armkroken til mamma i den tunge kreftbehandlingstida for seks år sidan.Foto: Privat

– Dei oppdaga eit heilt nett av svulstar nedover bringa, spiserøyret, og mellom den eine lunga mi og hjartet. Denne krefttypen har fire stadium, og då eg fekk diagnosen, var eg på siste stadiet. Det einaste positive opp i situasjonen var at eg fekk beskjed om at denne typen kreft var ein av dei «snillare» typane. Overlevelsesraten var relativt høg. Eg klamra meg til det.

Som gravid kan ho ikkje gjennomføra cellegiftbehandling. Men ho må. Fire dagar etter diagnostiseringa, må ho ta keisarsnitt og få ut vesle Ida.

– På eit vis var det veldig betryggande at legane var så klare på at barnet måtte ut. At eg slapp å ta den avgjersla sjølv. Eg la alt i hendene på dei, og stola på at dette var det rette å gjera.

VESLE IDA ER STERK, trass i at ho blir fødd 11 veker før termin. Line syner fram bilete frå den fyrste tida. Føter små som fingerbøler. Hud tynn som papir.

– Ho trong litt starthjelp med respirator, og låg på prematuravdelinga på barneklinikken dei fyrste månadene. Men ho var sterk frå dag éin, og hadde ei fin utvikling. Trass i at ho har barneastma, er ho i dag ein frisk 6-åring, seier Line.

Tida etter fødselen er som eit svart hol. Line går rett over på ei intens kreftbehandling, med ny cellegift kvar tredje veke. Ho blir svakare og svakare, mister håret og er for det meste sengeliggjande.

– Eg hugsar svært lite frå denne tida. Eg trur det er ein slags overlevelsesmekanisme.

Ho stoppar opp. Ser ut over fjorden som glitrar i solljoset.

– I retrospekt er det kanskje like greitt ikkje å hugsa så mykje av det.

KREFTBEHANDLINGA GJER AT Line meir eller mindre må tre heilt ut av mammarolla. Ansvaret må overlatast til andre.

– Egil hadde totalomsorg for Ida den fyrste tida, medan besteforeldre, andre familiemedlemer og støttekontaktar stilte opp for Tilde. Tilde takla tida greitt, og eg hugsar at ho synest det var stas at me fekk så mykje besøk. Men samstundes fekk ho eit veldig kontrollbehov. Det var viktig for henne å vita kven som skulle levera og henta i barnehagen kvar dag, og kva som skulle skje til ei kvar tid.

Se dette bildet i full størrelse
Privat - PREMATUR Ida blei tatt ut med keisarsnitt 11 veker for tidleg. Her er ho to månader gammal.

PREMATUR: Ida blei tatt ut med keisarsnitt 11 veker for tidleg. Her er ho to månader gammal.Foto: Privat

Etter åtte månader med cellegiftbehandling, blir Line erklært kreftfri. Line er glad for det store støtteapparatet som vart sett i sving i den tøffe tida.

– Kommunen har gode rutinar på å handtera slike typar krisesituasjonar, og det skal dei ha all skryt for. Det blir oppretta eit samarbeidsteam frå ulike instansar og det vert lagt opp ein individuell plan og eit løp framover. Me fekk også ein brukarstyrt personleg assistent, det som dei kalla husmorvikar før i tida, og det var gull verdt. Når ein ikkje maktar noko sjølv, er det godt å vita at ein får den hjelpa ein treng.

Men ikkje all organisering var like enkel.

– Me opplevde eit tungrodd og lite brukarvenleg Nav-system. Det var så mange papir og dokumentasjonar som skulle på plass, det var nesten ein fulltidsjobb berre å halda styr på det. Det var Egil som tok seg av dette, eg hadde nok med berre å signera. Det skapte mykje unødvendig belastning for oss som sto midt i ei krise, og hadde tusen ballar i lufta på ein gong.

I DAG ER Line frisk, men spora etter kreftbehandlinga for snart seks år sidan, sit djupt enno.

– Det eg slit mest med er fatigue. Eg kan ha periodar der eg berre segnar om og musklane sluttar å verka. Då må eg kanskje ha ei veke eller to før eg kjem til krefter att. Heldigvis har eg blitt flink på å kjenna etter teikn tidleg, slik at eg veit når eg må bremsa ned og ta det med ro.

Minst éin av tre opplever å få seinskadar som varer utover eitt år, ifylgje Kreftforeninga. Line har slite med seinskadane mykje lenger enn dette, og veit ikkje kor lenge ho må leva med dei.

– Dei kan vara heile livet, eller i kortare periodar. Det er heilt umogleg å vita. Men no er ikkje eg av dei som er kraftigast råka, det finst dei som må liggja i mørke rom med øyreproppar store delar av døgeret. Eg er heldigvis ikkje der.

ALTERNATIVET KUNNE VORE så mykje verre. Line veit så altfor godt. Midt i den tøffe tida mista ho ein god ven og støttespelar som også var pasient på kreftavdelinga på Haukeland, nemleg Ann Kristin Rykke frå Voss.

Se dette bildet i full størrelse
Privat - MOT EIN NY VÅR Egil, Tilde, Ida og Line er ein naturglad familie. No går dei eit nytt år i vente, men den beste gåva dei kunne fått; ei kreftfri mamma.

MOT EIN NY VÅR: Egil, Tilde, Ida og Line er ein naturglad familie. No går dei eit nytt år i vente, men den beste gåva dei kunne fått; ei kreftfri mamma.Foto: Privat

– Ann Kristin var eit fantastisk menneske som eg vart veldig glad i. Å mista henne var kanskje det verste opp i det heile. Det får ein til å tenkja kor skjørt livet faktisk er. Eg har vore heldig, og lever, trass alt.

Line har dei to siste åra gått tilbake i full jobb som førskulelærar. Ho er også aktiv i politikken i Vaksdal, der ho sit i kommunestyret for Senterpartiet saman med systera Hege. Kan det av og til bli for mykje?

– Eg kjenner av og til at det kan bli for mykje, men eg har blitt flinkare til å setja grenser og seia stopp. Eg hadde ikkje tatt på meg alt dette om eg ikkje trudde sjølv at eg kunne klara det. Eg har ein jobb eg er veldig glad i og meiner det er viktig å engasjera meg i lokalsamfunnet, særleg med tanke på framtida til bygda.

NESTE VEKE SKAL Line gå «årets viktigaste tur», som ho sjølv seier, under årets innsamling til Kreftforeininga. Heile familien skal sjølvsagt vera med.

– Eg plar vera bøsseberar kvart år. I år er det ekstra viktig for meg å gå, sidan pengane nettopp går til forsking for å førebyggja, behandla og leva med seinskadar. Det er mange kreftoverlevande der ute, men det er som dei seier; eit redda liv skal også levast.