Avisa Hordaland

Reportasje

Med historia på hendene

Med historia på hendene

Inne under Skipshelleren på Straume held ivrige elevar på å grava fram minne frå fortida. Jorda er svart her inne, og fortel om mange kulturlag som menneska har lagt att etter seg heilt frå steinalderen, 7000 år tilbake.

– De er litt svarte på hendene no. Og det er restar etter aktivitetane til dei som har budd her under helleren, seier lærar Anita Vik til dei lydhøyre elevane som er samla kring ho.

Som del av opplegget får dei prøva seg som arkeologar.

Med kvar si skei og ei sikt, grev dei varsamt i den svarte jorda under helleren.

Dei finn litt av kvart som må sjekkast. Små flintbitar, steinar og ikkje minst bein.

Det er vel 50 elevar frå Garnes skule som er på besøk i dag.

Dei er så mange at gruppa vert delt i to, den andre halvdelen er nede ved grindverksbygget nede ved fjorden.

Guide i 20 år

Vaksdal kommune har halde på med omvising og undervising for skuleborna under Skipshelleren i mange år.

Tre-fire hundre born deltek årleg i undervisingsopplegget. Ti skular utanfor kommunen er med dette året, i tillegg kjem elevane ved dei fleste av skulane i kommunen.

Britt Margun Hustveit, som er lærar på Garnes, fortel at dei har tradisjon på denne skulen for å ta ein tur med tredje årstrinnet.

– Dette er svært interessant, både for borna og for oss andre. Eg har ikkje vore her før, fortel ho.

Jan-Egil Dyvik - SKYTTAR Elevane får prøva seg på å skyta med pil og boge. Guide under opplæring, Evy Kvamme, i forgrunnen.

SKYTTAR: Elevane får prøva seg på å skyta med pil og boge. Guide under opplæring, Evy Kvamme, i forgrunnen.Foto: Jan-Egil Dyvik

– Eg har halde på med dette i 20 år, og tykkjer framleis det et er grådig moro, seier Anita.

Ho vert stadig avbroten av borna som kjem med funna sine som må sjekkast ut.

– Det vart funne over 175.000 bein då det vart grave ut her på 1930-talet, fortel ho.

Mest funn av hjort

Skipshelleren er ein fangstbuplass frå forhistorisk tid, med eit opp til 1,7 meter tjukt kulturlag.

– Det eldste sjiktet skriv seg frå steinalderen og inneheld store mengder oldfunn og dyreknoklar, særleg frå hjort, fjordsel og villsvin. Det er også funne restar etter sau, geit og ku.

Det er ikkje lange biten å gå frå fylkesvegen ved brua på Straume, og fram til helleren.

– Borna kjem i samla flokk og vert ståande med eit «wow». Kanskje ikkje så underleg når helleren er 30 meter høg. Avstanden frå inst i ­helleren til open himmel er om lag 15 meter, fortel Anita.

Elevane har vagla seg under ­helleren, og det kjem eit unisont «nei» som kling med ein underleg lyd under helleren – på det fyrste spørsmålet om borna trur dei hadde skule dei fyrste som kom her.

Og så får dei vita om vilt i skogen og fisk i fjorden, og eit havnivå som gjekk heilt oppunder der dei sit og lyttar til Anita.

Eit yrande liv

Nedanfor helleren flyt nedre delen av Bolstadstraumen. Her møtest elva Vosso og Osterfjorden.

Dette gjev ei blanding av ferskvatn og saltvatn, i tillegg til spesielle straumtilhøve.

I desse vasstilhøva var det i si tid eit yrande fiskeliv, noko funna under Skipshelleren har gjeve klare prov for.

Lenge var laksen ei viktig attåtnæring for bøndene i området. Funna syner også at det i eldre tider har vore mykje sel i fjorden, kjem det fram på nettsida til Skips­helleren.

Den andre gruppa har kome seg ned til fjorden, der dei vert delte inn i grupper.

Jan-Egil Dyvik - HØGT Det er høgt under helleren, 30 meter opp og eit dropefall på 15 meter.

HØGT: Det er høgt under helleren, 30 meter opp og eit dropefall på 15 meter.Foto: Jan-Egil Dyvik

Nokre skyt med pil og boge, andre balanserer på tau mellom trea, nokre får skinn over skuldrene og andre får teikneaktivitetar inne i grindbygget.

Skipshelleren, som ligg i landskapsmuseet på Straume, er også kommunen sin tusenårsstad. Grindverksbygget, eller tusenårsbygget, vart sett opp av Rune Revheim og Knut Øvstedal.

På andre sida av straumen finn ein både skulemuseet, laksegiljer, ei gamal naustrekkje, Kallestadstova og dragebryggjene, og tydelege teikn i terrenget etter sandfarten.

Det er tid for matpause, og to bål vert tende nede ved fjorden, der skodda ligg trolsk og tett.

Matpakkane kjem fram, og borna har også med seg pølser som vert grilla.

– Om de er heilt stille no, så høyrer de nett det same som dei som var her for mange tusen år sidan, seier Anita under helleren.

Av ein eller annan grunn svirrar eit helikopter oppe i skodda, og me høyrer eit par bilar på andre sida av fjorden.

Jan-Egil Dyvik - MAT Det er viktig å få i seg mat, anten det no er frå matpakkar elevane har med seg, eller at dei grillar sjølve, og her vert grillspyd utleverte. Tusenårsbygget i bakgrunnen.

MAT: Det er viktig å få i seg mat, anten det no er frå matpakkar elevane har med seg, eller at dei grillar sjølve, og her vert grillspyd utleverte. Tusenårsbygget i bakgrunnen.Foto: Jan-Egil Dyvik

Historisk sus

Men så vert dei menneskeskapte lydane borte.

Fuglekvitter og susing frå fjorden og skogen, og sjølvsagt eit historisk sus over små og store, klipper ei stille stund i omvisinga.

Ein kjenner seg liten under helleren, og berre fantasien kan gje indre bilete på korleis dette kanskje ein gong var.

– Dette er nett som barndommen min kjem tilbake, heilt Ipad-fritt, trygt og godt, seier ein av lærarane stille nede ved grua.

Medan små skoddedottar flyt fram og tilbake på Hellesbukta og hyller Gulløya like utanfor, inn i eit underleg, gråkvitt slør.