Avisa Hordaland

Reportasje

Nye runefunn på Finnesloftet

Nye runefunn på Finnesloftet

Det er gjort funn av fleire, til no ukjende runeinnskrifter på Finnesloftet. Ein uvanleg konsentrasjon av funna i fyrste høgda kan gje ny informasjon om bruken av loftet. Sjå video nedst i saka!

– Her trur eg det kan vera noko meir!

Runolog Kristel Zilmer ved Høgskulen på Vestlandet er oppglødd. Andletet hennar ligg tett inntil lupa som nett no gjev nytt liv til kvinnenamnet kyþa eller Gyda.

Se dette bildet i full størrelse
Ida Dyrkorn Heierland - DYREMOTIV I den sørlege bua av Finnesloftet er det funne fleire dyremotiv, og annan figurativ graffiti.

DYREMOTIV: I den sørlege bua av Finnesloftet er det funne fleire dyremotiv, og annan figurativ graffiti.Foto: Ida Dyrkorn Heierland

Namnet er rissa inn i ein tømmerstokk i fyrste høgda på Finnesloftet ein gong i tida etter 1295 då bygget vart ført opp. Det tredje teiknet i namnet gjev att ein lyd som motsvarar /th/, til dømes i moderne engelsk «think». På islandsk brukar dei han framleis, forklarer Zilmer.

– Gyda ville kanskje markera at ho var til stades her i rommet eller kan henda var det reint tidsfordriv eller underhaldning? Dette er noko folk har gjort til alle tider heilt fram til vår tid. Kan henda var det nokon som tenkte på ei Gyda og rissa namnet hennar fint inn i trestokken?

– Gyda er jo eit vanleg namn frå mellomalderen, men det blir spennande å grava i skriftlege kjelder og sjå om me kan knyta funnet opp mot historiske personar som kan ha levd her på Finne i mellomalderen. På tømmerstokken lenger nede er det rissa inn fem runeteikn som utgjer siste delen av runealfabetet.

– Eit litt utypisk funn, for vanlegvis er det byrjinga av runealfabetet me finn rissa inn. Kanskje nokon har øvd seg på å skriva runer eller vist nokon andre korleis det skulle gjerast, undrast Zilmer.

Konsentrasjon av funn

I sommar fekk Zilmer melding frå Fortidsminneforeningen om eit mogleg runefunn på Finnesloftet etter at ei studentgruppe frå NTNU hadde vitja bygningen. Etter fleire undersøkingar i haust har ho avdekka fem nye runeinnskrifter som aldri før har vore omtala eller publiserte.

Eitt av runefunna finn me i den smale passasjen mellom dei to buene nede i den fyrste høgda på loftet, medan dei fire andre er samla lenger inne i den sørlege bua. Her har Zilmer også funne fleire delar av figurativ graffiti, mellom anna små teikningar med dyremotiv, i tillegg til nokre einskildståande runeteikn og fleire andre meir eller mindre tilfeldige riss og tømmermerke.

– Denne konsentrasjonen av runefunn er spesiell samanlikna med andre profane, altså verdslege, bygningar i Noreg frå same tida. I andre gardsbygg, som loft eller stover, kjenner me elles berre til nokre einskildinnskrifter frå mellomalderen. Samlinga av runeinnskrifter på Finnesloftet er difor svært interessant, meiner Zilmer.

– Det er naturleg å samanlikna Finnesloftet med dei norske stavkyrkjene som er frå same perioden. Me finn figurativ graffiti og runeinnskrifter saman i nokre norske stavkyrkjer, til dømes i Lom. Det er sjølvsagt svært interessant at me finn ei blanding av både små skribleri og teikningar også her på Finnesloftet.

Se dette bildet i full størrelse
Ida Dyrkorn Heierland - DOKUMENTASJON Runolog Kristel Zilmer (HiB) er nøyaktig og brukar tid på å dokumentera kvar einskild rune på funnstaden. Lupe, måleband, teikneutstyr, ekstra lys og kamera er alltid med i sekken.

DOKUMENTASJON: Runolog Kristel Zilmer (HiB) er nøyaktig og brukar tid på å dokumentera kvar einskild rune på funnstaden. Lupe, måleband, teikneutstyr, ekstra lys og kamera er alltid med i sekken.Foto: Ida Dyrkorn Heierland

Se dette bildet i full størrelse
Ida Dyrkorn Heierland - SKRIFTA PÅ VEGGEN Runolog Kristel Zilmer (HiB) har til no funne fem nye runeinnskrifter i tillegg til figurativ graffiti på Finnesloftet.

SKRIFTA PÅ VEGGEN: Runolog Kristel Zilmer (HiB) har til no funne fem nye runeinnskrifter i tillegg til figurativ graffiti på Finnesloftet.Foto: Ida Dyrkorn Heierland

Ny informasjon

Kva kan denne konsentrasjonen av funn gje oss av ny informasjon om bruken av Finnesloftet?

– Det står framleis mykje att av etterarbeidet med dei fem runeinnskriftene, så det er for tidleg å gje konkrete svar no. To av innskriftene er noko lengre og gjev ikkje meining med ein gong, så eg vil vera svært varsam med å kasta fram for mange tolkingar før eg har kome lengre i forskingsprosessen. Men det at me finn ein konsentrasjon av funn i den sørlege bua i den fyrste høgda og førebels ikkje noko slikt i den nordlege, seier noko om kvar folk oppheldt seg og kan nok også gje eit betre bilete av korleis bygningen har vore brukt enn det me veit til no, seier Zilmer.

Sjølv om somme av innskriftene er korte og enkle, meiner ho at dei er kulturhistorisk viktige, og at det vil bli spennande å sjå om det er noko som kan knytast til Finnegarden eller området rundt.

Trent blikk

Kvifor har ingen oppdaga desse runeinnskriftene før no?

– Å identifisera runeinnskrifter handlar mykje om å vita kva ein ser etter, for dei kan lett sjå ut som tilfeldige riss i gamle tømmerstokkar. Det handlar om å trena opp auget til nett dette. I tillegg er det sjølvsagt viktig at lystilhøva ligg til rette slik at det i det heile teke er mogleg å få auge på runene. Å driva runeforsking kan vera ein nokså tidkrevjande prosess. Sjølve dokumentasjonsfasen i felt er viktig: det fyrste er å identifisera det me meiner er ei runeinnskrift og så jobbar me vidare med lupe, måleband, teikning og fotografering før me held fram med forskinga ved skrivebordet, fortel Zilmer.

Gøril Nordtvedt, dagleg leiar i Fortidsminneforeningen Hordaland som eig Finnesloftet, er svært glad for dei nye funna.

– Bygningen er jo historisk sett godt undersøkt av Arne Berg, så dette er jo ein sensasjon!

– For oss er det særleg viktig å formidla historia om loftet til born og unge lokalt og i regionen. I år har me søkt Den kulturelle skulesekken om midlar til eit nytt undervisningsopplegg om dei som brukte loftet i mellomalderen. Å få dei nye funna fram i lyset no saman med forskinga til Zilmer vil utan tvil auka formidlingsverdien til bygningen, meiner ho.