
VANSKELEG: Regine og June i balansekunst på Skogvar (8 år). (Foto: Ingvild Siglen Berger)
Snart klart for hesteshow
Om mindre enn ei veke er det klart for storslått hesteshow i ridehallen på Voss vidaregåande skule. Sjå video!
Det er dei tjue elevane på vg2-linja Heste- og hovslagarfag som står bak framsyninga. Der skal dei visa fram ferdigheitene til både hestar og ryttarar, i fleire ulike stilartar. På programmet står mellom anna kostymesprang, dressur, snørekøyring, western, vanleg køyring, voltige, kvadrilje og monté, også kalla travritt.
– Me ynskjer å visa fram ein del av det me gjer på skulen. Det er mykje å øva på, men me har kome fram til at kvar enkelt viser fram det ein har lyst til og er med på ca. to stilartar kvar, fortel Julie Bjerkeli (17).
Saman med Regine Matre Nordheim (18) er ho ansvarleg for arrangementet.
– Stilartane skal passa både hest og ryttar, og i programmet rir me helst dei hestane me kjenner best, fortel Bjerkeli.
Frie taumar
Elevane har brukt tid dei siste fem vekene på planlegging og øving.
Tysdag denne veka stod fyrst øving i kvadrilje på plakaten, som er ei form for synkron rideframsyning der fleire ekvipasjar rir saman til musikk og koreografi.
– Det er krevjande. Alle må tenkja likt, samstundes som dei skal vera på ulike stader, fortel Bjerkeli.
Det er lærar Ingunn Farestveit som har laga koreografien til kvadriljen, men elles er det elevane sjølv som står for all planlegginga.
– Dette er deira show, som dei har laga. Eg trur dei veks mykje på det. I tillegg er det ein herleg positivitet og ein god driv i gruppa, meiner ho.


Snill hest
I ridehallen var òg dølahesten Skogvar (8), som øvde voltige saman med Matre Nordheim og June Eitrheim Pedersen (17). Embla Mikkeline Dahl (17) skal vera longør, medan dei to jentene turnar på hesten.
– Me har sett litt videoar på YouTube og har prøvd å læra oss litt, men det er mykje vanskelegare enn det ser ut til. Heldigvis er Skogvar verdas snillaste hest, fortel Eitrheim Pedersen.
– Frå før hadde me berre hatt ein time med voltige på skulen. Så no skal me liggja i hardtrening dei neste dagane, seier Matre Nordheim.
Hesteshowet går av stabelen i ridehallen til Voss vidaregåande i Skulestadmo fyrstkomande tysdag kveld.
– Alle er velkomne, seier Bjerkeli.

