Retningslinjer for avisa Hordaland sitt kommentarfelt



Avisa Hordaland sine journalistar og moderatorar overvaker debattane heile tida. Innlegg som vert rapporterte som misbruk eller spam vert vurderte av moderatorar, og vert automatisk gøymde for den som rapporterer.


Dersom du bryt debattreglane våre, kan me gjera fylgjande:


- Sletta kommentaren din.

- Stengja deg ute.


Me ber likevel debettantane våre om å vurdera ordbruken og avstå frå trugsmål og oppmoding til vald. Trugande innlegg vert heller ikkje godtatt. Innlegg med slik ordbruk vil verta sletta.


Dersom kommentaren din vert sletta vil den verta borte frå det dei som les nettsidene våre ser. Kommentaren vil deretter berre vera synlig for den lukkede kretsen din med registrerte vener på Facebook, som samtidig er logga på Facebook når de er inne på artikkelen der kommentaren er skriven.


Dersom me stenjer deg ute vil du ikkje lenger kunna skriva artikkelkommentarar som er synlige for dei som les nettsidene våre. Kommentarane dine vil berre vera synlege for den lukka kretsen din med venner på Facebook, som også er logga på Facebook og inne på artiklar der du har kommentert.


Me har ikkje redaktøransvar for kommentarar som er fjerna, og som er synlige for din private og lukka vennekrets. Me gjer merksom på at du som skriv eit innlegg vil være personlig ansvarleg for innholdet anten det er på våre nettsider eller overfor ditt eige lukka nettverk med Facebook-vener.


Avisa Hordalands sine journalistar og moderatorar vil ikkje grunnje korkje fjerning av kommentarar eller utestenging av profilar, utover at det skuldas brot på rettningslinjene for moderering eller avsløring av falske profilar.


Ha en god debatt.

Helsing oss i redaksjonen.