...
KONGEJOBB!: Jannicke Kinsarvik Hus, Alexander Pettersson, Olve Haugen og Ida Skjelde Brunborg skal laga mat til Kong Harald under ski-NM. Dei er elevar ved restaurant- og matfaglina ved Rogne vidaregåande skule Foto: Ørjan Brattetveit

Håpar kongen likar vossatapas

Fire elevar ved Rogne vidaregåande skule skal laga lokal mat til Kong Harald.

Ørjan Brattetveit E-post
Publisert 19.01.2012 kl 08:39 Oppdatert 21.01.2012 kl 09:07

Tips ein venn på e-post:

...
KONGEJOBB!: Jannicke Kinsarvik Hus, Alexander Pettersson, Olve Haugen og Ida Skjelde Brunborg skal laga mat til Kong Harald under ski-NM. Dei er elevar ved restaurant- og matfaglina ved Rogne vidaregåande skule Foto: Ørjan Brattetveit

Den sportsinteresserte kongen kjem til ski-NM på Voss neste veke. Torsdag er han på plass i Kongehytta på NM-arenaen og fylgjer Petter Northug, Marit Bjørgen, Sjur Røthe og dei andre skistjernene. Inne i hytta får Kong Harald og gjestene servert fingermat og suppe.

Litt nervøse?

– Dette vert veldig kjekt og spennande, seier Jannicke Kinsarvik Hus. Saman med Ida Skjelde Brunborg, Olve Haugen og Alexander Pettersson skal ho stå for maten som skal serverast i Kongehytta.

– Det er jo ein stor mann som kjem. Han er sikkert van med å eta mykje god mat, så me håpar verkeleg dette går bra, smiler dei fire hoffleverandørane. Dei legg ikkje skjul på at dei nok vil vera litt nervøse for oppgåva.

– No er det berre kjekt, men når me skal laga maten vert det sikkert litt spesielt.

Aure, hjort, korv

Skuleelevane har ikkje fått spesielle krav frå kongehuset om meny, men elevane satsar på at kongen likar lokal mat. Kongen og dei andre i Kongehytta får suppe og fingermat med lokal fokus, såkalla vossatapas.

– Me har ikkje heilt klart for oss alt me skal laga til. Men truleg skal me laga til fingermat med garva fjellaure, garva hjort og hjortepatè. Og me skal nytta lokale fenalår og spekeskinke, fårepølse og hjortekorv med ramslauk. Me skal òg laga til fersk vasskreps med dillmajones og lakserogn forklarar faglærar Terje Røssland.

Til drikke får kongefylgjet eplemost frå Ulvik.

VIP og presse

Sjølv om det er fire elevar som står for maten til Kongehytta torsdag, så er alle elevane ved lina med på å laga mat til NM. Kvar dag skal nemleg restaurant- og matfagelevane ved Rogne vidaregåande skule servera mat til VIP-telt og presse.

– Det er klart det er spesielt for dei som skal laga mat til Kong Harald, men den verkelege tøffe oppgåva er den alle våre elevar skal vera med på. Me skal stå for maten til VIP-teltet og pressesenteret. Her er det nokre tusen innom i løpet av NM-dagane, seier faglærar Gaute Kalstad. I VIP-teltet vert det bagettar og gulasjsuppe på menyen.

– Ei utfordring er at moglegheitene til å laga til mat på NMarenaen er heller dårleg, så me må laga mykje til her på skulen og transportera opp til skistadion, seier Røssland.

Mest lese no

...

Møk på avvegar

Nyhende - Heilt forferdeleg, seier bonde Arnfinn Gjerdåker, etter at ein gjødselkumme har kollapsa på garden hans.Les meir

...

Trailerar i grøfta

Trafikk VOSSESTRAND: Onsdag morgon sklei ein norskregist-rert trailer av vegen ved Tvinne. Les meir

...

- Aldri opplevd det verre

Trafikk Viking Redningsteneste har sidan kl 02 i natt jobba med å få trailerer opp att på vegen. Dei første hamna i grøfta ved byrjinga av Åsbrekkegjelet - 1 km nord for Tvinne på E16. Les meir

...

Rasfare flytter kolonne-kø

Trafikk VALLAVIK: Vegvesenet har fått varsel om rasfare, og flyttar oppstillinga for kolonna i Vallavik. Les meir


Hordaland

Telefon ekspedisjon: 56 53 03 00
Dagleg leiar: Ingrid Kløve-Graue
Papirutgåva: Tysdag, torsdag og laurdag.
Besøksadresse: Evangervegen 32, 5700 Voss
Lokalkontor Granvin: 56 52 54 66
Lokalkontor Dale: 56 59 62 01

TIPS OSS

Vakttelefon redaksjon: 4747 1883
Epost: redaksjon@avisa-hordaland.no
Telefaks ekspedisjonen. 56 53 03 08
Telefaks redaksjonen: 56 53 03 30

Redaksjonen

Redaktør: Sigmund Midttun
Epost: smi@avisa-hordaland.no
Nettansvarleg: Jan-Egil Dyvik
Epost: jed@avisa-hordaland.no

ANNONSE OG ABONNEMENT

Annonseansvarleg: Arild Rekve
Epost: annonse@avisa-hordaland.no
Abonnementsansvarleg: Jostein Steine
Epost: abonnement@avisa-hordaland.no
Tlf. 56 53 03 00

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.