VOSS KULTURHUS: Konsulentfirmaet PwC dreiv Voss kulturhus frå 11. november og ut februar. For det fakturerte dei nesten 700.000 kroner. ARKIVFOTO: INGERID JORDAL

Sluttrekning på nesten 700.000 kroner for knappe fire månaders arbeid

Konsulenten som vart hyrt inn for å driva Voss kulturhus kosta kommunen 6300 kroner dagen.

Publisert 18.03.2017 kl. 09.00. Oppdatert kl. 07.38.

692.911,60 kroner. Det er summen konsulentfirmaet PwC har fakturert Voss kommune for, frå 11. november til ut februar. Det er meir på tre og ein halv månad enn det dei aller fleste vossingar tener på eitt år.

RÅDMANN: Einar Hauge. ARKIVFOTO: Vidar Herre

Dyre månader

Då konstituert kulturhussjef Silje Stubø Solstad etter berre vel eit par månader valde å gå attende til sin faste jobb som kulturkonsulent i kommunen, konkluderte rådmannen med at det var heilt naudsynt å hyra inn ein mellombels leiar frå eit konsulentselskap - i påvente av at ny kulturhussjef kunne ta til. Mange stilte spørsmål ved kvifor det var tvingande naudsynt å leiga inn dyre konsulenttenester i staden for å lata ein av dei som alt jobba på kulturhuset fungera i stillinga, men fungerande rådmann

Else Berit Kyte svara at «det er heilt feil å seia at ordninga med innhyrt kulturhussjef frå PwC er dyr for Voss kommune» og at «kommunen sin kostnad ville kunna blitt langt høgare med eit kulturhus utan fast styring». I eit lukka formannskapsmøte overtydde rådmann Einar Hauge dei folkevalde om at det var god pengebruk å hyra inn ein konsulent.


Ikkje offentleg

Nytilsett kulturhussjef Thor Trå hadde sin fyrste arbeidsdag 3. mars, og no syner altså rekneskapen at den innleigde leiarhjelpa har kosta kommunen tett opp under 700.000 kroner.

Når kommunen vel å bruka så pass mykje pengar i ei avdeling som i 2016 gjekk nesten 1,3 millionar kroner i minus, er det grunn til å spørja kva pengane har vorte brukte til.

For å få svar på dette sende Hordaland ein e-post til rådmann Hauge med dette spørsmålet: «Har konsulenten levert noko for for rapport el.l. som syner kva han konkret har jobba med desse vekene?

Rådmannen svarar fylgjande:

«Når det gjeld spm. 2 så har konsulenten vært inne å gjort ein leiarjobb. Interne statusnotat mv. vert difor handsama på same vis som for andre leiarar i Voss kommune. Notat som er ein del av den løpande drifta innan den einskilde kommunalavdeling er normalt unnateke offentlegheit. Men dersom notatet går inn som grunnlag for ei politisk sak så vil det verte offentleg når saka vert sendt ut til politisk handsaming».


Tek saka

Kommunestyrerepresentant Svein Burud seier at Høgre kjem til å ta opp pengebruken både i denne og andre saker.

- Høgre har alltid vore mot rammebudsjettering der pengebruken meir eller mindre vert usynleggjort. Det verkar som om kommuneleiinga rett og slett ikkje bryr seg om at konsulentar kostar mykje pengar, og dette vil me sjå på.

Burud meiner det sjølvsagt er viktig å få klare svar på kva den innleigde konsulenten faktisk har gjort, også fordi han meiner det vitnar om null tillit til dei tilsette på kulturhuset når ein går ut og engasjerer ein konsulent på denne måten.

- Det vanlege er då at ein av dei tilsette fungerer som sjef i slike overgangsperiodar, seier Burud.

Burud legg til at ordføraren brukte klubba då han prøvde å ta opp nokre prinsipielle spørsmål både om den siste varslingssaka og om andre tilsvarande saker i samband med sak om delegeringsreglementet på kommunestyremøtet torsdag. Burud lovar at heller ikkje desse prinsipielle spørsmåla skal verta gløymde og at dei vil verta fremja som eiga sak.