Etter å ha lege under med 0-2 på Geitabakken mot Lyngbø fredag kveld, enda kampen 3-5.
Tonny Tysnes skåra to av Dale sine mål, Kim Andre Njaastad eitt på straffe. Njaastad vart forresten utvist etter stygt spelt mot slutten av kampen, og Dale spelte såleis dei siste minutta med ti mann.
Marginane var slett ikkje på Dale si side i denne kampen, dei to første baklengsmåla kom etter tabbar i forsvaret. I andre omgang kom dei sterkt tilbake, og då Tonny kjempa inn to mål og Njaastad det tredje og det stod uavgjort, etter rundt 65 minutt, så augna fleire eitt håp om poeng.
Men Dale vart for offensive og opna seg i forsvar, og dermed kom det to baklengs. Det vart også litt ampert mot slutten, og dommaren hadde nok å gjera på - og var ikkje alltid like heldig med det han føretok seg han heller,
Med litt meir tur i avslutningane og konsentrasjon i forsvaret, så kunne Dale hatt teke poeng mot Lyngbø - som dei var heilt på høgde med.
Biletgalleri Klikk for epost, MMS til 2005, kodeord hofoto, b.tekst fotograf. Klikk og publiser/sjå foto på Hordatunet.no Les meir