...
MÅLKONGE: Maid Memic skapte stor frustrasjon for Bergen Nord. Her har han alt etter 1 minutt skåra mot bergensarane i kveldens 3. divisjonsoppgjer. Foto: ØRJAN BRATTETVEIT

Maid med ekte hattrick

Maid Memic brukte knapt eitt minutt på å skåra sitt første mål mot Bergen Nord.

Publisert 13.06.2012 kl 21:31 Oppdatert 13.06.2012 kl 21:38

Tips ein venn på e-post:

Voss vann 3. divisjonsoppgjeret mot Thomas Solberg og Bergen Nord med solide 6-0. Og arkitekten bak sigeren var Maid Memic. Etter eitt minutt fosserte han forbi fleire forsvarar, runda sin gamle lagkompis Thomas Solberg og sette ballen trygt i nettet og skåra sitt 10. mål på fem kampar. Ein halv time seinare auka toppskåraren leiinga på fantastisk vis. Roald Underdal serverte eit flott forarbeid og la inn til Maid Memic som skaut på direkten frå 8-9 meter, knallhardt og velplassert. Tre minutt før pause skåra Maid Memic sitt 12 mål på fem kampar og sitt andre ekte hattrick for sesongen. 3-0 sette han inn på straffe etter at Stig Arne Brunborg vart lagt i bakken. Thomas Solberg kasta seg til eine hjørnet, Maid Memic sende ballen i andre hjørne.

I 2. omgang skåra ikkje målkongen, men han serverte målgjevande pasning både til 4-0, då han var på veg gjennom, men valde å sende ballen ut til Eirik Een, som skåra sikkert frå 8-9 meter. Og til 5-0, då Memic la hjørnespark ut til ein umarkert Olav Skjeldal, som sende eit kanonskot i mål frå 15 meter. Innbytar Vegard Skjoldli skåra kampens siste mål like etter at han kom inn i 70. minutt.



På forsiden nå


...

Til Voss på skåringstokt

Fotball 1.divisjonskampen mellom Fbk Voss og Sarpsborg 08 enda 0-3. Gjestene tok regien gjennom heile 1.omgang, og vossadamene fekk ein tøff kamp i forsvar. Les meir

...

Vår og sommar - hand i hand

Biletgalleri 17. mai kom varmen og i pinsen har vår og sommar komme hand i hand. Les meir

17.mai-foto Voss

...

Alle foto: Knut Saglien

Sjå bilete

...

Flaumvatn under nyebrua

Voss Eit flaumstort Vangsvatn har teke tak i byggjeutstyr og materiale under den nye brua på Seim. Les meir

Til Grasrotandelen

Hordaland

Telefon ekspedisjon: 56 53 03 00
Dagleg leiar: Ingrid Kløve-Graue
Papirutgåva: Tysdag, torsdag og laurdag.
Besøksadresse: Evangervegen 32, 5700 Voss
Telefaks ekspedisjonen. 56 53 03 08
Telefaks redaksjonen: 56 53 03 30
Lokalkontor Granvin: 56 52 54 66
Lokalkontor Dale: 56 59 62 01

NASJONALBIBLIOTEKET:

Me gjer merksam på at
denne nettavisa vert samla
inn og lagra av Nasjonalbiblioteket
regelmessig.
Nettavisa vil verta gjort tilgjengeleg
som kjeldemateriale for forsking
og dokumentasjon.

Avis-/nett redaksjon:

Redaktør Frode Myhra Gjerald
Epost til Gjerald: fg@avisa-hordaland.no
Prosjekleiar digitale media: Jan-Egil Dyvik
Epost til Dyvik:jed@avisa-hordaland.no
Digital nyhendeansvarleg: Frode Rene
Epost til Rene:fr@avisa-hordaland.no
Epost: redaksjon@avisa-hordaland.no
TIPS: Vakttelefon: 47 47 18 83

ANNONSE, ABONNEMENT, TRYKKERI:

Annonseansvarleg: Arild Rekve
Epost: annonse@avisa-hordaland.no
Abonnementsansvarleg: Jostein Steine
Epost: abonnement@avisa-hordaland.no
Trykkeriansvarleg: Svein Henning Soldal
Epost: svh@avisa-hordaland.no
Tlf. 56 53 03 00

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.