...
Voss - Bergen Nord *** Local Caption *** Maid Memic Foto: Ørjan Brattetveit

Maid ustoppeleg – Voss vann igjen

Voss imponerte stort då dei vann 3-0 borte mot tabelltrear Årdal laurdag.

Publisert 23.06.2012 kl 18:26 Oppdatert 23.06.2012 kl 19:11

Tips ein venn på e-post:

Maid Memic skåra to av måla til Voss, medan innbytar Hans Skulstad Dregelid sette inn det tredje.

Årdal ville med siger ha gått forbi Voss, men måtte i staden bita i graset på heimebane då Voss tok sin fjerde siger på rad.

Etter at Maid Memic kom tilbake til Voss har det meste gått på skinner for laget. Memic har skåra heile 14 mål på seks kampar, og er no på delt 2. plass på toppskårarlista for avdelinga saman med Øystein Myrkaskog, Vik, etter kampane denne serierunden. I teten ligg Kristian Fardal Opseth hjå Førde, som skåra tre mål laurdag, og gjekk opp i 19 totalt.

I kampen laurdag dominerte Voss banespelet, og særleg får Eirik Een god omtale etter å ha styrt midtbanen for Voss. Det tok likevel si tid før det losna.

10 minutt ut i 2. omgang skaut Memic i stolpen, men nesten 20 minutt ut i 2. omgang losna det. Memic vart felt, fekk straffe, og sette sjølv ballen sikkert i nettet. 18-19 minutt før full tid la Maid Memic på til 2-0, og få minutt etter punkterte innbytar Hans Skulstad Dregelid kampen.

Mot slutten kom også unnguten Kristoffer Bidne (16) inn og debuterte for Voss.

Alt i alt eit kjempegodt resultat for Voss, som inntek ein solid 2. plass på tabellen etter Førde.



På forsiden nå


...

Ny smell for herrelaget

Fotball Radøy/Manger – Voss 2-0. Dette var kampen der den leie trenden skulle snuast. I staden gjekk Fbk Voss på nok eit tap. Les meir

Ras seinkar togtrafikken

Lokalnytt Passasjerar på Bergensbanen må rekna med forseinkingar og innstillingar etter at eit ras stoggar togtrafikken mellom Finse og Haugastøl. Les meir

Jordras i Vikafjellsvegen

Lokalnytt Ein jordvoll har velta ut i vegen ved Holo, men trafikken kan passera. Les meir

...

Nær 190 sykla 6-vatnrunden

Sport Perfekte tilhøve for turrittet, men ei påkøyrsel la dempar på stemninga. Les meir

Til Grasrotandelen

Hordaland

Telefon ekspedisjon: 56 53 03 00
Dagleg leiar: Ingrid Kløve-Graue
Papirutgåva: Tysdag, torsdag og laurdag.
Besøksadresse: Evangervegen 32, 5700 Voss
Telefaks ekspedisjonen. 56 53 03 08
Telefaks redaksjonen: 56 53 03 30
Lokalkontor Granvin: 56 52 54 66
Lokalkontor Dale: 56 59 62 01

NASJONALBIBLIOTEKET:

Me gjer merksam på at
denne nettavisa vert samla
inn og lagra av Nasjonalbiblioteket
regelmessig.
Nettavisa vil verta gjort tilgjengeleg
som kjeldemateriale for forsking
og dokumentasjon.

Avis-/nett redaksjon:

Redaktør Frode Myhra Gjerald
Epost til Gjerald: fg@avisa-hordaland.no
Prosjekleiar digitale media: Jan-Egil Dyvik
Epost til Dyvik:jed@avisa-hordaland.no
Digital nyhendeansvarleg: Frode Rene
Epost til Rene:fr@avisa-hordaland.no
Epost: redaksjon@avisa-hordaland.no
TIPS: Vakttelefon: 47 47 18 83

ANNONSE, ABONNEMENT, TRYKKERI:

Annonseansvarleg: Arild Rekve
Epost: annonse@avisa-hordaland.no
Abonnementsansvarleg: Jostein Steine
Epost: abonnement@avisa-hordaland.no
Trykkeriansvarleg: Svein Henning Soldal
Epost: svh@avisa-hordaland.no
Tlf. 56 53 03 00

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.