annonse

Adil gjer truleg verdsrekordforsøket fredag

ØVDE
ØVDE: Adil Luigi Dyani fortalde publikum om forsøka han gjorde undervegs onsdag. (Foto: Ingvild Siglen Berger)
RAMPEN
RAMPEN: Dyani i full fart ned rampa. (Foto: Jon Hunnålvatn Tøn)
BLID
BLID: Tommel opp til publikum. Dyani saman med Veko-sjef Kjetil Kriken (til v.). (Foto: Jon Hunnålvatn Tøn)
HØGT
HØGT: Her skal verdsforsøket gå føre seg. (Foto: Ingvild Siglen Berger)

For mykje vind har sett ein stoppar for Adil Luigi Dyani, når det gjeld å bryta 10-metersgrensa i fritt fall.

Ingvild Siglen Berger

Onsdag gjorde skateboardproffen fleire øvingsdrop frå den massive rampen som er sett opp på plenen mellom Vangsvatnet og motellet til Fleischer’s. Også tysdag fekk han prøvd rampen litt. Men grunna vinden må det meir testing til før verdsrekordforsøket skal gjerast.

– I dag skal me byggja ein eigen «vindvegg», og sjå om den tek litt av for vinden, seier Dyani.

Han fortel at det er 99 prosent sikkert at forsøket vert i morgon, fredag, men at han og laget rundt han ikkje heilt har avskrive torsdagen, eventuelt laurdagen, heller.

– Eg håpar folk vil koma å sjå, og at folk ikkje tolka gårsdagen som at eg ikkje kan klara det. For det var rett og slett umogleg å gjennomføra i går, seier Dyani.

Ny metode

Skateboardproffen har måtta leggja om metoden å droppa ned rampen på, grunna vêret.

– Me prøvde ein annan metode og testa i heile går, jobba på og gjorde det me kunne. Eg fekk eit dropp heilt på tampen frå rett under 7 meter, som vert det som skal tilpassast med tanke på kor langt inn eller ut rampen skal før forsøket. I dag må me få til meir av den testinga me skulle gjort i går, seier Dyani.

Før han er det berre to personar på heile planeten som har prøvd seg på det same, utan å klara det.

– Ein må vita kva ein driv med, det er ein grunn til at ingen har klart det. Eg er ute etter å bryta den barrieren!

Avlyser ikkje

Dyani fortel at han til no har hatt halvannan dag til testing på rampen.

– Vanlegvis burde ein hatt ei veke til tilpassing, innkøyring og alt det der. Ein bruker eit par dagar berre på å setja seg inn i sjølve riggen. Eg trur rett og slett ikkje ein skriv læringsboka på korleis dette her skal gjerast på berre eit par dagar. Ikkje er det nokon eg kan ringja og spørja om råd heller, seier han lattermildt.

Men noko avlysing av verdsforsøket vert det i alle fall ikkje.

– Det skjer ikkje!

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.