VOSS: I flott sommarsol gjekk opningsseremonien under Landsskyttarstemnet på skikkeleg vossavis; med ekstremsport og kultur.
Even Rokne og 14 andre hopparar frå Voss Fallskjermklubb hopp ut frå fly over stemneområdet på Skjerve, og landa på fartsfult vis på stemneplassen. Slik starta opningsseremonien.
Så tok konferansier Sjur Hjeltnes over. Med humor og musikalitet leia han den timeslange seremonien på flott vis. Med seg hadde han Erlend Styve på gitar og Kåre Opheim på trommer. På scenen kom unge kvedarar frå Badnajazz leia av Kari Finne Sognnæs. Dei unge rockarane i Vossarebels sjarmerte publikum med sin stilsikre rock.
Ordførar Hans Erik Ringkjøb, leiar i hovudkomiteen Jostein Bjørke, skyttarpresident Olav K. Vaaje og stemnepresident Rolf Carsten Wold held alle talar. Og alle var i feststemning for den nye skytekatedralen.
Avslutningsvis song Kari Finne Sognnæs Ja, vi elsker. Seremonien vart i om lag ein time.
Den offisielle opninga skulle ha starta 17.30, men vart utsett vel ein halvtime på grunn av nokre forseinkingar i skyteprogrammet.
Men sjølv om opninga var fredagskvelden, så tok skytinga til med militært-NM torsdag, og held fram med dei militære og rekruttar og juniorar. I morgon er det full fart i fleire aldersgrupper under det ordinære Landsskyttarstemnet. I alt er 5100 deltakarar på plass, og om lag 20.000 tilreisande vitjar Voss.
-- Det går greitt. Men det er nokre småting heile tida, seier ei travel leiar i hovudkomiteen for LS-2012, Jostein Bjørke.