...
SLUTT: Morten Helgaset ryddar vekk stoler frå arenaområdet. Foto: Ørjan Brattetveit

Skyttarfesten er over

Morten Helgaset og dei andre dugnadsarbeidarane har stått på nesten døgeret rundt for Landsskyttarstemnet. No pakkar dei skyttarfesten ned.

Publisert 17.08.2012 kl 20:55 Oppdatert 18.08.2012 kl 11:53

Tips ein venn på e-post:

Nesten 5100 skyttarar har vore i aksjon ei heil veke på landets flottaste skytearena.

– Dette har vore veldig kjekt. Men no kjenner me at me byrjar å verta slitne. No skal me rydda vekk etter stemnet, men me står nok ikkje opp klokka 06.00 laurdag, seier Morten Helgaset medan han fredag kveld ber bort stolane publikum nytta då dei fylgde kampen om kongepokalen, som Hans Kristian Wear vann.

LES ÒG: Wear endeleg skyttarkonge

Arrangementet opna med prøvestemne og Militært-NM torsdag 9. august. Fredag avslutta stemnet med stang, felthurtig og NM i felt.

Jostein Bjørke, leiar av hovudkomiteen, er særs godt nøgd med gjennomføringa av arrangementet.

– Dette har gått heilt perfekt, smiler Bjørke.

Også generalsekretær i Det frivillige skyttarvesen, Jarle Tvinnereim er full av lovord.

– Landsskyttarstemnet på Voss har vore ei fantastisk oppleving. Veret har vore nydeleg, arenaen er flott og arrangementet har fungert. Og, ikkje minst, funksjonærane har vore hyggelege, blide og skikkeleg flinke, seier Tvinnereim.

SJÅ BILETE: Slik såg Bømoen camping ut frå lufta



På forsiden nå


...

Etterlyser kopartjuvar

Voss Politiet veit førebels ikkje kor mange tonn kopar tjuvane fekk med seg frå rubbhallen til Norsk Jernbanedrift i pinsen. No ber dei eventuelle vitne melda seg. Les meir

...

Vossarebellar på Norge rundt

Voss Gjekk du glipp av innslaget med dei unge rockabilly-musikarane i The Vossa Rebels på Vestlansrevyen tysdag, er det ingen grunn til å fortvila. Les meir

Mai-foto

...

Klikk for epost, MMS til 2005, kodeord hofoto, b.tekst fotograf. Klikk og publiser/sjå foto på Hordatunet.no

Sjå bilete

...

Vår og sommar – hand i hand

Biletgalleri 17. mai kom varmen og i pinsen har vår og sommar komme hand i hand. Les meir

Hordaland

Telefon ekspedisjon: 56 53 03 00
Dagleg leiar: Trond Syversen
Papirutgåva: Tysdag, torsdag og laurdag.
Besøksadresse: Evangervegen 32, 5700 Voss
Telefaks ekspedisjonen. 56 53 03 08
Telefaks redaksjonen: 56 53 03 30
Lokalkontor Granvin: 56 52 54 66
Lokalkontor Dale: 56 59 62 01

NASJONALBIBLIOTEKET:

Me gjer merksam på at
denne nettavisa vert samla
inn og lagra av Nasjonalbiblioteket
regelmessig.
Nettavisa vil verta gjort tilgjengeleg
som kjeldemateriale for forsking
og dokumentasjon.

Avis-/nett redaksjon:

Redaktør Frode Myhra Gjerald
Epost til Gjerald: fg@avisa-hordaland.no
Prosjekleiar digitale media: Jan-Egil Dyvik
Epost til Dyvik:jed@avisa-hordaland.no
Digital nyhendeansvarleg: Frode Rene
Epost til Rene:fr@avisa-hordaland.no
Epost: redaksjon@avisa-hordaland.no
TIPS: Vakttelefon: 47 47 18 83

ANNONSE, ABONNEMENT, TRYKKERI:

Annonseansvarleg: Arild Rekve
Epost: annonse@avisa-hordaland.no
Abonnementsansvarleg: Jostein Steine
Epost: abonnement@avisa-hordaland.no
Trykkeriansvarleg: Svein Henning Soldal
Epost: svh@avisa-hordaland.no
Tlf. 56 53 03 00

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.