annonse

Christine & co cruisa inn til nye poeng

AVGJORDE KAMPEN
AVGJORDE KAMPEN: Christine Almeland Tveit punkterte kampen med si viktige skåring rett før slutt, og vart kåra til Voss sin beste. – Me følte me hadde god kontroll.
FAKTA | VOSS–GNEIST

HANDBALL: Voss sine handballkvinner innkasserte full poengpott med 28-26 mot Gneist.

Geir Geitle

– Veldig kjekt å vinna siste heimekampen for sesongen, jublar Christine Almeland Tveit.

Voss spelte med lågare skuldrer etter at dei sikra fornya kontrakt i 2. divisjon førre helg.

Trenar Marian Siewruk sleppte derfor til unge spelarar som Ingrid Rørlien, Maria Børven og Ina Brekke. Samtidig kunne han tillata seg den luksusen å ha begge dei polske spelarane ute på benken i små periodar.

– Det var godt å spela utan press i denne kampen, klart det. Me hadde ro over oss. Og dei unge spelarane vert kjempeviktige for oss framover, så dei må få prøva seg, kommenterer Christine Almeland Tveit.

– Flott publikum

Småbarnsmora skåra sjølv fire mål, og vart kåra til dagens beste vossing. Og ikkje minst punkterte ho personleg kampen definitivt med ei kanonkule i Gneist-nettet kort tid før slutt. I og med at Gneist vann det motsette oppgjeret for nokre veker sidan, var det ein søt revansje for Voss å hala sigeren i land.

– Me har veldig god lagmoral. I tillegg fekk me god coaching av Mario frå sidelina. Og ikkje minst gler me oss igjen over eit godt publikum som skaper god atmosfære. Slik sett er det stor skilnad på kampane i Bergen og på Voss, med mykje betre ramme rundt kampane her. Og det er veldig kjekt, slår Voss sin beste fast.

Etterpå måtte Christine rett heim til vesle Eirik (8 mnd), som krev sitt av mat og stell.

– Det er litt travelt, men går veldig greitt, kommenterer storskyttaren.

Kontraktssamtalar

Trenar Marian Siewruk var også glad og veldig godt nøgd med kampen.

– Ingrid, Maria og Ina fekk nyttig erfaring, og gjorde ein fin innsats. Samtidig håpar me at også endå fleire unge spelarar kan koma opp med tanke på neste sesong, forklarer «Super- Mario» på ei blanding av vossamål og engelsk.

– Var det ein lett kamp for Voss mot botnlaget?

– Nei, nei, i 2. divisjon er ingen kampar lette. Alle kan slå alle, og Gneist hadde mange unge, lovande spelarar som kjempa til siste slutt. Og sjølv om me hadde seksmålsleiing midtvegs i 2. omgang, sneik dei seg innpå mot slutten.

Marian Siewruk trivst godt, og sjølv om han har kontrakt også for neste sesong med Voss HK, er han og klubben no i samtalar om å forlengja kontrakten, opplyser han.

Siste kampen for sesongen går mot Sotra 22. mars, då det vert felles sesongavslutning i Haukelandshallen for heile 2. divisjon, både kvinner og menn. Fyrst kampar for alle laga, så bankett etterpå.

– Det vert veldig kjekt, og godt å kunna spela der heilt utan press om nedrykk, slår Christine Almeland Tveit fast.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.