annonse

Deler ut drakter til born

DELER UT
DELER UT: Sparebanken Vest deler ut draktsett til idrottsglade born, og ditt lag kan søka no. (Foto: Vidar Herre /Illustrasjon)

Sparebanken Vest tek opp att suksessen frå i fjor med utdeling av draktsett til idrottsglade born.

  • Redaksjon@avisa-hordaland.no

Sparebanken Vest heiar på idrett for born og opnar no opp for at fleire tusen handball- og fotballglade born på Vestlandet kan få nye drakter til laget sitt. Søknadsfristen er 4. mars.

– Det er utruleg kjekt også i år å kunna lansera ein utdelingskampanje av draktsett til born og unge på Vestlandet, seier André Bjørkhaug, avdelingsbanksjef i Sparebanken Vest på Voss.

I 2017 fekk banken heile 700 søknader frå fotballag, og delte ut over 8000 draktsett til lag over heile Vestlandet.

Deler ut

Sparebanken Vest heiar på lag­idrettar, og sidan banken er eigd 75 prosent av vestlendingar, er eitt av grunnprinsippa til banken å dela overskotet med dei som bur i landsdelen.

– Sparebanken Vest jobbar for at landsdelen vår skal vera ein god og trygg stad å veksa opp. Barneidretten og det arbeidet som tusenvis av frivillige legg ned i å skapa gode, sosiale og samlande aktivitetar for born, bidreg til nettopp det, seier André Bjørkhaug.

Fotball og handball

Nytt av året er at både handball- og fotballag kan søkja om draktsett.

– I fjor såg me at fotball er ein av dei aller største idrettane som born deltek på, men det finst òg mange små handballstjerner som kunne trengja eit draktsett til laget sitt. Difor har me i år vedteke at det er både handball- og fotballag som kan søkja. Draktsetta inneheld shorts med overdel og sokkar til fotballdraktene, seier banksjefen.

Søk no

Søknad om draktsett til laget kan sendast via www.spv.no/drakter. Kvart lag vil kunna få inntil 14 drakter for utespelarar og ei keeperdrakt. Trekning og utdeling av draktene vil finna stad frå mars til og med mai månad.

Sparebanken Vest har lang tradisjon for å gje vekk delar av overskotet til gode formål.

Det har dei også gode moglegheiter til. I fjor fekk banken eit resultat før skatt på 1844 millionar kroner, altså 1,84 milliardar. 150 millionar av dette er føreslått delt ut til samfunns- og næringsutvikling på Vestlandet.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.