annonse

Deltakarrekord for Kraftkampen

STYRKEPRØVE
STYRKEPRØVE: I Kraftkampen må deltakarane gjennom hinder der styrke, koordinasjon og uthald vert sett på prøve, her ved Annbjørg Hausken som var med på eitt av damelaga (Foto: Katrine Knudsen)
BLIDE DELTAKARAR
BLIDE DELTAKARAR: Til saman sju individuelle deltakarar og 21 lag var med laurdag. Her er Annbjørg Hausken (fremst) og Renate Mjelde i aksjon. Dei var på lag med Silje Grindheim. (Foto: Katrine Knudsen)
FINT VÊR
FINT VÊR: Myrkdalen viste seg frå si beste side under Kraftkampen. Neste års arrangement er alt under planlegging. Framst på bakken er Geir Helland, så Oddbjørn Slåtten, Bjørn Halvor Granlund og Frank Pedersen. (Foto: Myrna Dral)

Med 70 påmelde vart det deltakarrekord då Kraftkampen gjekk av stabelen i Myrkdalen laurdag.

Ingvild Siglen Berger

Myrkdalen Skiskule i samarbeid med Mosjonsgutane står bak arrangementet, som er ein real styrkeprøve. Deltakarane må over hinder der styrke, koordinasjon og uthald vert sett på prøve, og dei kan delta individuelt eller på herre-, dame- eller miksa lag.

Seks damelag, seks herrelag og heile ni miksa lag var i aksjon. I tillegg stilte fem stykk individuelt i herreklassen og to i dameklassen, der Robert Sigvaldsen vann fyrstnemnde og Sigrid Hågensen vann sistnemnde.

– Vêret var definitivt på arrangøren si side, og Myrkdalen viste seg frå si aller beste side med strålande sol og skyfri himmel, seier Jill Garen, dagleg leiar i Myrkdalen Skiskule.

Laga som stilte opp var halvt om halvt frå vossetraktene og bergensområdet.

– Stemninga var god. Det er ingen tvil om at dette er ei tøff utfordring, og det er god grunn til å vera imponert over alle deltakarane sin innsats i den krevjande løypa, seier ho.

Planlegginga av Kraftkampen 2018 er alt i gang.

– Me satsar på å få med oss fleire sponsorar og setja opp nye og utfordrande hinder, fortel Garen.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.