annonse

– Den ultimate utfordringa

VAKKERT SLIT
VAKKERT SLIT: Deltakarane skal gå same rute som Roald Amundsen gjorde i 1896. Her frå arrangementet i fjor. (Foto: Kay-Otto Melau)
200
200: Det er 200 utøvarar som har fått plass i årets arrangement. Dei må førebu seg på ei tøff reise. (Foto: Kay-Otto Melau)

I dag legg 200 utøvarar ut på 100 km med ski og pulk over Hardanger-vidda.

Ørjan Brattetveit

– Dette er den ultimate utfordringa. Det er definitivt ein ekspedisjon med startnummer på brystet, og ein kan aldri vita heilt kva som ventar der ute. Det blir garantert eit eventyr, seier polfarar Aleksander Gamme i ei pressemelding frå arrangøren Xtremeidfjord.

Han er mellom dei 200 utøvarane som har fått plass i årets utgåve.

Strevsam og farefull

Utøvarane går same rute som Roald Amundsen gjorde i 1896, som førebuing til Sørpolekspedisjonen i 1911.

Amundsen kom aldri fram til Eidfjord, då han vart overraska av dårleg vêr og valde å snu. Amundsen skal seinare ha sagt at turen over Hardangervidda var vel så strevsam og farefull som erobringa hans av Sørpolen.

Til Eidfjord

Utøvarane startar i føremiddag ved Haukeliseter fjellstove. Fyrstemann er venta i mål på Maurset i Eidfjord ein gong på føremiddagen fredag. Dei siste deltakarane er venta i mål i løpet av laurdagen.

Åsnes Expedition Amundsen vert ofte omtala som «verdas hardaste ekspedisjonsløp». Den dag i dag vert det aktuelle ruta nytta til førebuingar for ekstreme polarekspedisjonar. Deltakarane kryssar Hardangervidda med pulk, anten åleine eller som lag med to eller tre deltakarar. Ruta er ikkje merkt eller oppkøyrd, men deltakarane må innom sjekkpunkt undervegs. Alt av utstyr, mat, klede, kart og kompass, må deltakarane sjølve frakta med seg i pulken – som må vega minst 40 kg.

– Ynskjer ein kvile, må ein etablera leirplass og sova i telt. Det vert ikkje gjeve assistanse undervegs i løpet, bortsett frå i naudstilfelle, melder arrangøren.

Spennande i fjor

I fjor vart det ein svært spennande konkurranse over Hardangervidda.

Fleire utøvarar fylgde kvarandre tett frå start til mål. Etter 100 km med hard kjemping gjennom snø, vind og ned mot ti minusgrader, kryssa Trygve Bendixen Markset og Håvard Hansen målstreken som fyrste lag, før Thomas Andersen kom like bak og vann den individuelle konkurransen for femte gong. Ragne Elise Berre var raskast av kvinnene.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.