Avisa Hordaland

Sport

Desse er klare til kamp ... og kos

Desse er klare til kamp ... og kos

Over 7000 unge fotballspelarar har kome til bygda denne helga. Voss Cup tyder knallharde oppgjer og sterkt vennskap.

Ingerid Jordal - TORJUS LIEN THUE (9), VILJAR Eg er med på Voss cup fordi eg likar å spela fotball. Me går rundt og treffer mange nye folk og et is og popkorn. Men fotball er det kjekkaste. Eg står av og til i mål og av og til spelar eg ute på bana, det kjekkaste er å vera på bana.

TORJUS LIEN THUE (9), VILJAR: Eg er med på Voss cup fordi eg likar å spela fotball. Me går rundt og treffer mange nye folk og et is og popkorn. Men fotball er det kjekkaste. Eg står av og til i mål og av og til spelar eg ute på bana, det kjekkaste er å vera på bana.Foto: Ingerid Jordal

Ingerid Jordal - AMIN MOHAMMED (8), VILJAR Eg har vore med mange gonger. Det kjekkaste var å spela tre kampar. Då var det tre dagar med kamp. Voss cup er kjekt fordi eg kan ha det kjekt. I fjor fekk eg ein liten pokal.

AMIN MOHAMMED (8), VILJAR: Eg har vore med mange gonger. Det kjekkaste var å spela tre kampar. Då var det tre dagar med kamp. Voss cup er kjekt fordi eg kan ha det kjekt. I fjor fekk eg ein liten pokal.Foto: Ingerid Jordal

Ingerid Jordal - ANNA LUNDE SEIM, (7), VOSS LILLA Det er kjekt å spela fotball, kjekt å skåra mål og kjekt å vera med vennene mine, og kjekt å sjå at dei har det kjekt. Det kjem mange nye ungar eg ikkje har sett før og det er litt skummelt og kjekt. Eg vert kjend med dei òg. I helga skal eg spela fira kampar og eta to isar, om eg skårar mål, kanskje tre.

ANNA LUNDE SEIM, (7), VOSS LILLA: Det er kjekt å spela fotball, kjekt å skåra mål og kjekt å vera med vennene mine, og kjekt å sjå at dei har det kjekt. Det kjem mange nye ungar eg ikkje har sett før og det er litt skummelt og kjekt. Eg vert kjend med dei òg. I helga skal eg spela fira kampar og eta to isar, om eg skårar mål, kanskje tre.Foto: Ingerid Jordal

Ingerid Jordal - EIRIK BAKKE OPHEIM (8), VOSS Eg gler meg veldig mykje. Det er morosamt å spela fotball med venner, kosa seg, dribla og skyta på mål. På Voss Cup skal eg spela kampar og knusa alle saman. Ned i bakken.

EIRIK BAKKE OPHEIM (8), VOSS: Eg gler meg veldig mykje. Det er morosamt å spela fotball med venner, kosa seg, dribla og skyta på mål. På Voss Cup skal eg spela kampar og knusa alle saman. Ned i bakken.Foto: Ingerid Jordal

Ingerid Jordal - BRAGE ØVSTHUS SKURTVEIT (9), VOSS På Voss Cup spelar me kampar. Då får ein sjansen til å skåra. Tidlegare har me spelt og hatt det kjekt. Eg har vore med éin gong før. No skal me ha det kjekt og spela med kompisane. Og så tek me bilete og får diplom. Eg håpar me vinn.

BRAGE ØVSTHUS SKURTVEIT (9), VOSS: På Voss Cup spelar me kampar. Då får ein sjansen til å skåra. Tidlegare har me spelt og hatt det kjekt. Eg har vore med éin gong før. No skal me ha det kjekt og spela med kompisane. Og så tek me bilete og får diplom. Eg håpar me vinn.Foto: Ingerid Jordal

Ingerid Jordal - HALDOR MIDTUN (8), VILJAR Eg har vore med to år før. Det kjekkaste er å spela kampar, fordi då spelar eg fotball. Og det er òg kjekt å skåra mål. I fjor skåra eg masse mål. Men eg likar best å spela bak.

HALDOR MIDTUN (8), VILJAR: Eg har vore med to år før. Det kjekkaste er å spela kampar, fordi då spelar eg fotball. Og det er òg kjekt å skåra mål. I fjor skåra eg masse mål. Men eg likar best å spela bak.Foto: Ingerid Jordal

Ingerid Jordal - MARTE AALVIK (7,5), VOSS TURKIS Viss du spelar fotball, så dreg du på Voss cup. Det går kampar alle dagane heile helga, og dei som er på besøk utanfrå Voss, får og lov å bada i utebassenget. Me spelar tre eller fire kampar, men mellom kvar kamp er det litt tid. Då er det mange kioskar som er opne! Etterpå tek me bilete og får diplom og pokal.

MARTE AALVIK (7,5), VOSS TURKIS: Viss du spelar fotball, så dreg du på Voss cup. Det går kampar alle dagane heile helga, og dei som er på besøk utanfrå Voss, får og lov å bada i utebassenget. Me spelar tre eller fire kampar, men mellom kvar kamp er det litt tid. Då er det mange kioskar som er opne! Etterpå tek me bilete og får diplom og pokal.Foto: Ingerid Jordal