annonse

Det beste blinkskotet under Voss Cup

VINNAREN
VINNAREN: Med dette biletet vann Mariann Reikerås konkurransen om det beste blinkskotet under Voss Cup 2019. (Foto: Mariann Reikerås)

Mariann Reikerås knipsa det beste biletet i Voss Cup-konkurransen.

I løpet av helga under Voss Cup har tilreisande og lokale fotballfolk sendt inn bilete frå fotballturneringa.

Mellom dei over hundre innsende bileta vart Mariann Reikerås sitt bilete kåra som vinnar.

– Så stas å vinna konkurransen, og så flott premie. Me har storkosa oss på Voss Cup, så dette vart berre eit stort bonus. Tusen takk, kommenterer vinnaren.

Vinnaren av biletkonkurransen vinn ein tur med gondolen, og middag for to på restauranten.

Ho tagga biletet sitt på Instagram med #vosscup2019, og vart dermed vinnar av konkurransen.

– Viser augneblikket

– Blinkskot frå eit spennande augneblink i kampen. Fotografen får med spenninga, og er på rett plass til rett tid, seier juryen.

Juryen som har valt ut vinnarbiletet er Mona Tryti Lansiquot og Sebastian Bolstad frå Voss Cup, samt Marita Saue Hamre frå Hordaland.

– Mange flotte bilete

Det har kome inn mange flotte bilete frå ei fantastisk fotballhelg.

– Me ser ei fotballturnering, men òg at Voss Cup er så mykje meir. Me ser på bileta kor godt ungane har det, og kor kjekt det er på cup. Dei kjem truleg til å hugsa augneblikka som vart skapte, betre enn kor mange mål dei skåra, seier juryen.

Sjå fleire bilete frå Voss Cup på www.avisa-hordaland.no.

Gratulera, Mariann Reikerås – og takk til alle som sende inn bilete frå Voss Cup 2019!

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse