annonse

Dregelid nominert til eldsjelpris

ELDSJEL
ELDSJEL: Nils Dagfinn Dregelid (t.v.) i aksjon under arbeidet med Olabanen. Her saman med Preben Aas. (Foto: Ørjan Brattetveit)

Nils Dagfinn Dregelid frå Fbk Voss er Hordaland sin kandidat til Årets Eldsjelpris.

Ørjan Brattetveit

Nils Dagfinn Dregelid er dermed i semifinalen saman med 18 andre fylkeskandidatar til prisen som vert delt ut under idrettsgallaen på Hamar 6. januar. Det er Hordaland idrettskrins som har valt ut fylkeskandidaten.

Dei 19 fylkeskandidatane vert til fem finalistar som eldsjel-juryen plukkar ut. Finalistane vert overraska og offentleggjort neste veke.

– Å, er eg det? Det visste eg ikkje. Det er noko jentene har funne på no, seier Nils Dagfinn Dregelid når lokalavisa ringjer og ber om kommentar til nominasjonen.

Nils Dagfinn Dregelid har dei siste åra vore spesielt viktig rundt damefotballen i klubben, og som ein pådrivar i anleggsutbygginga. Tidlegare var han også ei eldsjel for alpinmiljøet i bygda,

– Det er kjekt at nokon meiner eg gjer ein god jobb, vedgår Dregelid etter kvart.

Han har vore drivkraft for bygginga av kunstgrasbanen i Skulestadmoen og for begge kunstgrasbanen i Prestegardsmoen. Dagleg leiar i Fbk Voss, Arne Førde, seier det er kjekt for klubben at Dregelid er nominert.

– Nils Dagfinn har stått på i mange år, og han er ein viktig man for heile klubben. Dette har han verkeleg fortent, seier Førde.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.