annonse

– Eg er skuffa, men me gjorde alt me kunne

SKUFFA
SKUFFA: Skateboardproffen Adil Luigi Dyani er skuffa etter at han ikkje fekk gjennomført verdsrekordforsøket under Veko. Her med speaker Egil Bye. (Foto: Ingvild Siglen Berger)
AVLYST
AVLYST: Verdsrekordforsøket som skateboardproffen Adil Luigi Dyani skulle prøva på under Veko, vart ikkje gjennomført på grunn av mykje vind og skade. (Foto: Ingvild Siglen Berger)

Skateboardproffen Adil Luigi Dyani fekk ikkje gjennomført verdsrekordforsøket under Veko.

Marita Saue Hamre

– Det var spesielt vinden som sette meg ut av spel. Me prøvde å byggja om konstruksjonen, og då me gjorde det, enda eg opp på sjukehuset, seier Luigi Dyani.

Sundag kveld prøvde skateboardproffen for siste gong å nå målet om å bryta 10-metersgrensa i fritt fall, men landa stygt og slo seg kraftig.

– Eg landa på 9,46 meter med hovudet fyrst. Eg fekk då hjerneristing, måtte sy nokre sting over auga og har ein elles forslått kropp.

skuffa

Han legg ikkje skjul på skuffelsen.

– Ein kan ikkje seia at me ikkje gav alt, i alle fall – men det er jo veldig kjipt.

– Me gjekk så langt som me kunne. Eg ynskjer å takka Ekstremsportveko og Voss Liftutleige, og ikkje minst alle som har hjelpt og stilt opp for meg.

Vil prøva på ny

No må Luigi Dyani ta det med ro i tida framover før han vender snuten austover igjen.

– Eg gjev meg ikkje, men eg må gå tilbake til den metoden eg hadde i byrjinga.

Han har sjølv den gjeldande verdsrekorden på 9.39 meter i fritt fall. Oslomannen har også verdsrekorden i såkalla Bomb drop med 7.55 meter.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.