annonse

- Eg skulle vinna!

FØRST
FØRST: Marius Brakestad gjorde det han hadde bestemt seg for, vann slalåmkonkurransen i Hovudlandsrennet. (Foto: Privat)

Marius Brakestad frå Voss var best i slalåm i Hovud­landsrennet i alpint i Rauma­ i helga.

  • Anne Rivenes

- Det var heilt fantastisk. Eg visste­ at eg hadde gode sjansar i slalåm, og hadde eigentleg bestemt­ for for å vinna, seier Marius­ Brakestad. Den unge alpinisten­ frå Voss har vore i landstoppen i fleire renn.

Etter 4. plass i alpincupen på Gol for ikkje lenge sidan, bestemte­ han seg for at han skulle gjera det endå skarpare på Hovudlandsrennet.

Best i landet

I alt 131 stilte til start i slalåmløypa i guteklassen sundag. Hovud­landsrennet er som eit NM for ungdom, jenter og gutar 16 år. I år gjekk rennet i Møre og Romsdal, med Rauma Alpin og Norges skiforbund som arrangør­.

Marius Brakestad var uslåeleg i slalåmbakken. Han vann med 1,16 føre nummer to på lista, Kaspar Kindem (Ready). Som om ikkje det var nok, vart Brake­stad også nummer tre i alpin kombinasjon, nummer fire i Super-G, fem i storslalåm og nummer 9 i utfor.

Viktig siger

- Me køyrde renn kvar dag, så det handlar om å ha fullt fokus, seier Marius Brakestad.

- Med så høge ambisjonar, var du nervøs på startstreken?

- Nei, då var eg heilt kald. Eg skulle gjera det eg var best på, kosa meg og vinna, seier Brakestad.

Fyrsteplass i hovudlandsrennet har enormt mykje å seia for den unge alpinisten. - Ja, det var ein veldig viktig siger, å visa at eg er best i slalåm, seier Brakestad.

At han i tillegg gjer det så godt i fartsdisiplinane utfor og Super-G, er han kjempegodt nøgd med. No ventar Vestlandsmeisterskapen i Myrkdalen og Donald Duck vinterleikane i Hemsedal, som avslutting på ein stor sesong.

5. plass til Sjøtun

Også andre vossaalpinistar oppnådde gode resultat i Hovudslandsrennet. Jakob L. Astrup Sjøtun vart nummer 5 i utfor og nr 21 i slalåm.

Eirik Gjeraldstveit køyre til 39. plass i storslalåm og 59 i utfor.

Anna Mørkeset Bryn (Voss IL) fekk ein sterk 10. plass i Super-G, vart nummer 18 i slalåm, 19 i storslalåm, 20 i utfor og tok 14. plass i alpin kombinasjon.

Tonje Lund Hånes køyrde til 29. plass i slalåmrennet, og 51. plass i storslalåm og 52. i utfor, 57 i Super-G.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.