annonse

Einvegskøyring under sykkelfest

VOSS-GEILO
Voss-Geilo: Laurdag går sykkelrittet Voss-Geilo. I samband med det vert Espelandsvegen einvegskøyrd mellom klokka 10.30 og 12.30. (Foto: Tom Gulbrandsen)

Espelandsvegen mellom Granvin og Ulvik vert einvegskøyrd under sykkelritt komande laurdag.

Ørjan Brattetveit

Nærare 500 deltakarar skal sykla 160 kilometer frå Voss til Geilo laurdag 17. august.

Varsel og vaktar

– Espelandsvegen Fv572 mellom Granvin og Ulvik vert einvegskøyrd i retning mot Ulvik mellom klokka 10.30 og 12.30. Dette for å minimera sjansen for møteulukke og auka tryggleiken både for deltakarar og andre trafikantar. Me håpar på forståing for dette, seier dagleg leiar Nils Olaf Solberg i Bergen Cykleklubb, som saman med Geilo IL arrangerer sykkelrittet Voss-Geilo og kortversjonen Dyranut-Geilo.

Einvegskøyringa er alt varsla med skilt langs vegen, og rittdagen vil det stå lokale vakter på dei mest kritiske punkta.

Deltakarar frå heile landet

– Voss-Geilo, også kjent som sykkelfesten på Hardangervidda, samlar deltakarar frå heile landet. Med variert og spektakulær natur frå start til mål vert dette ei stor oppleving for alle som deltek, seier Solberg.

Rittet startar like ved Vonheim med start frå kl. 09.00. Hovudfeltet startar kl. 10.

Frå Voss går turen ned Skjervet til Granvinsvatnet. Over Ulvikafjellet til Ulvik.

Utover Ulviksfjorden, over Hardangerbrua og innover Eidfjorden. Opp Måbødalen, over Hardangervidda og målgang på Geilo.

Les og:

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse