annonse

Emma Skjoldli er aktuell for landslaget

PÅ BLOKKA
PÅ BLOKKA: Trenar for juniorlandslaget Geir Endre Rogn har langrennsløparen frå Bulken sitt namn på blokka over aktuelle for laget for komande sesong. (Foto: Arne Brunes)

Emma Skjoldli er landslagsaktuell. - Men laget vert ikkje offentleggjort før 25. april, seier landslagstrenaren.

Ørjan Brattetveit

Trenar for juniorlandslaget Geir Endre Rogn har sjølvsagt langrennsløparen frå Bulken sitt namn på blokka over aktuelle for laget for komande sesong. Emma Skjoldli kom på delt 2. plass samanlagt i noregscupen for kvinner 18. Plassen dela ho med Ragnhild Rønning frå Vikersund. Bulken-løparen har flest toppresultat. Bulkenjenta har vunne to noregscuprenn i vinter, og ho har tre medaljar frå junior-NM.

- Emma er definitivt i landslagsdiskusjonen, men uttaket vert ikkje offentleggjort før 25. april, seier Rogn. Han har ingen enkel jobb med å ta ut laget.

- I utgangspunktet er det vanleg å ha med to jenter frå denne årgangen. Men det er mogleg å avvika frå denne regelen, seier Geir Endre Rogn.

Kristine Skistad frå Konnerud vann noregscupen og NM-gull, og er sikker på landslagsplass.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.