Avisa Hordaland

Sport

Eskil tok sigeren heim

Eskil tok sigeren heim

Eskil Lødemel (12) vann sin klasse i både slalåm og storslalåm under Bavallsrennet 2018.

12-åringen som køyrer for Voss IL, klinka til med ein solid 1. omgang i slalåm laurdag. Og med særs god køyring i 2. omgang heldt det til siger i hans klasse for G-U14.

– Dette var veldig moro. Førre rennet her i Bavallen var eg sjuk, så det var kjekt å vinna no, fortel han.

Oppskrifta på 1. plassen har han klar:

– Eg var her og trente litt i går. Det hjelpte veldig og eg synest eg fekk det bra til i dag, seier Lødemel.

Se dette bildet i full størrelse
Ingvild Siglen Berger - PÅ VEG NED Eskil Lødemel sette stor fart i bakken og køyrde inn til siger i begge renn. Her frå slalåmen.

PÅ VEG NED: Eskil Lødemel sette stor fart i bakken og køyrde inn til siger i begge renn. Her frå slalåmen.Foto: Ingvild Siglen Berger

Se dette bildet i full størrelse
Ingvild Siglen Berger - I BAKKEN Ingrid Marie Jersin Søgaard (Voss IL) køyrde inn til ein 5. plass i sin klasse for J-U14 under slalåmen laurdag, og fekk same plasseringa under storslalåmen.

I BAKKEN: Ingrid Marie Jersin Søgaard (Voss IL) køyrde inn til ein 5. plass i sin klasse for J-U14 under slalåmen laurdag, og fekk same plasseringa under storslalåmen.Foto: Ingvild Siglen Berger

Vil ha fleire med

Laurdagens slalåm under Bavallsrennet gjekk føre seg i fint februarvêr. Sundagen vart også ein fin dag, der Lødemel gjekk inn til nok ein siger, då i storslalåm.

– Det var kjekt. Og alt vert meir moro med fint vêr, seier han.

Lødemel har gått på ski sidan han var tre år.

– Då stod eg mellom beina til pappa. No i sesongen står eg på ski frå tre til fem gonger i veka, som regel fire, fortel alpinisten.

Tysdagar og torsdagar er han på trening med Voss Alpin.

– Sjølv om me er ein god gjeng, skulle det gjerne vore fleire med. Eg er den einaste guten i min klasse, seier han.

Se dette bildet i full størrelse
Ingvild Siglen Berger - FYRSTE STARTANDE Amanda Schicht (Voss IL) i aksjon under slalåmen.

FYRSTE STARTANDE: Amanda Schicht (Voss IL) i aksjon under slalåmen.Foto: Ingvild Siglen Berger

Se dette bildet i full størrelse
Ingvild Siglen Berger - HEIAGJENG Denne gjengen heia av full hals på alle som kom i mål.

HEIAGJENG: Denne gjengen heia av full hals på alle som kom i mål.Foto: Ingvild Siglen Berger

Godt miljø

Amanda Schicht (10) var òg mellom dei startande både laurdag og sundag. Ho er opphavleg frå Bergen, men køyrer for Voss IL og har besteforeldra sine på Voss. Schicht tok til slutt 5. plassen i sin klasse i slalåm, og var godt nøgd med det.

– Eg gjorde ein feil i 1. omgang, og stogga opp midt i løypa. Det var vanskeleg å sjå rett port, men eg kom meg vidare etter at nokon viste meg vegen. I 2. omgang køyrde eg rett, fortel ho.

10-åringen trivst godt på alpintrening, og omtalar miljøet som bra.

– Det er ikkje akkurat nokon som er slemme der!

Sundagen køyrde ho inn til 5. plass i storslalåm. Det gjorde òg Ingrid Marie Jersin Søgaard (Voss IL) i sin klasse for J-U14.

Køyrde ut

Aune Brandseth Nordbakk (11) frå Voss IL var uheldig og køyrde ut i fyrste omgang laurdag.

Se dette bildet i full størrelse
Ingvild Siglen Berger - RASK Isa Brandseth Norbakk var med under Bavallsrennet og viste stolt fram premien ho fekk laurdag.

RASK: Isa Brandseth Norbakk var med under Bavallsrennet og viste stolt fram premien ho fekk laurdag.Foto: Ingvild Siglen Berger

– Det gjekk ikkje heilt bra, eg kom på innerski. Andre omgangen gjekk litt betre, seier han.

Det vart ein 4. plass i slalåmen, medan han avanserte til 2. plass i sin klasse for G-U12 under storslalåmen sundag. Veslesyster Isa Brandseth Norbakk fekk nest beste tida i klasse J-U9 både i slalåm og storslalåm, og var godt nøgd med det.

– Veldig kjekt! Eg har øvd masse, seier ho.

June Alette Ervik Oppheim (9) frå Voss IL var òg nøgd med innsatsen i slalåmløypa. Ho byrja stå på ski som toåring.

– Eg var temmeleg liten då, seier ho.

Storslalåm

Sundagen under Bavallsrennet var det altså tid for storslalåm, med fleire lokale alpinistar i aksjon. Mellom dei som vart rangerte, tok Jenny Larsdatter Astrup Sjøtun 3. plassen for Voss IL i klassen J-U14.

I klassen for J-U16 stilte tre lokale jenter til start, der Kristin Jersin (Voss IL) tok sigeren føre Miriam Vevatne (Ørnar IL) og Maren Midttun Hopsdal (Voss IL) på tredjeplass. I klassen for G-U16 tok Henrik Borøy Myking (Voss IL) 3. plassen.

Ingvild Siglen Berger - KØYRDE UT Aune Brandseth Norbakk køyrde ut i fyrste omgang av slalåmen, men det gjekk betre i 2. omgang.

KØYRDE UT: Aune Brandseth Norbakk køyrde ut i fyrste omgang av slalåmen, men det gjekk betre i 2. omgang.Foto: Ingvild Siglen Berger