annonse

Fall og skade på Slåtten

ute
ute: Vinjar Slåtten klarte ikkje å fylgja opp den gode køyringa frå onsdag. SKJERMDUMP NRK

Vinjar Slåtten og Tevje Lie Andersen rauk tidleg ut av VM i parallellkulekøyring.

Ørjan Brattetveit

- Vinjar fall ved siste hoppet, og fekk tommelen ut av ledd, seier Sigbjørn Slåtten, far til Vinjar, på mobil frå Sierra Nevada i Spania. Slåtten rauk dermed ut etter fyrste duell mot russiske Andrey Makhnev i VM i parallellkulekøyring i dag.

Tevje Lie Andersen vann sin fyrste duell då han møtte Martin Romero frå Spania. I neste runde møtte vossingen Thomas Rowley frå USA. Her vann amerikanaren knipe 20-15. Og dermed var VM over også for Lie Andersen. Han ender då rundt 20. plass i VM.

Begge vossingen fekk ein fin start på VM onsdag, då begge kom seg til finalen. Slåtten kom på 7. plass og Lie Andersen vart nr. 17.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.