annonse

Fekk det tøft mot Jotun

:

HANDBALL: Voss Hk yppa seg i starten, men vossingane fekk det skikkeleg tungt mot Jotun i kveld.

  • Ørjan Brattetveit

2. divisjonsoppgjeret mellom Voss Hk og Jotun i Voss idrettshall enda 26-31, etter at heimelaget hadde kome klart best i gang i kampen. Heimelaget spela kjapp og underhaldande handball i starten, og tok raskt føringa. På det meste leia laget 6-2. Jotun kom for fyrste gong opp i føringa i siste minutt av 1. omgang. Til pause stod det 13-14 i idrettshallen.

Voss prøvde å ta styringa på oppgjeret etter pause, og kom i føringa 17-16. Men frå 7-8 minutt ut i omgangen og nesten ti minutt framover, skåra ikkje heimelaget. Medan bortelaget rusha inn fleire skåringar.

Kampen sin store spelar var utan tvil Jotun-målvakt Zsofia Zsekely. Ho redda svært mange straffekast og andre hundreprosentsjansar.

- Me er eit betre lag enn Voss. Men heimelaget spela med hjarta og jobba godt. Me vann fordi me er betre trena, meiner Jotun-trenar Olafur Sveinsson, som dermed fekk revansje frå det overraskande tapet tidleg i sesongen.

Voss sin kaptein Monica Bakketun forklarar tapet slik:

- Me klarar ikkje å skåra på opplagte sjansar. Det vart me straffa for i dag, seier ho.

Aleksandra Grzesik vart toppskårar for Voss med sju skåringar.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.