annonse

Finne flyg høgt

LOKST UTØVE
LOKST UTØVE: Klaus Finne i svevet. (Foto: Ingvild Siglen Berger)

Vossingen Klaus Finne vann både Lokst utøve på Demmo og Big Air på Folgefonna.

Ørjan Brattetveit

– Det er veldig kjekt at Big air er tilbake på Veko-programmet, og at det vert halde på Fonna der ein har nok snø og kapasitet til å byggja skikkelege hopp, seier Klaus Finne.

Rennet på Fonna var hans fyrste konkurranse sidan august i fjor.

– Det var artig at det gjekk så bra, seier vossingen som slo til med ein flott dobbel cork 1080.

Finne vann skiklassen framfor Elias Paldan, som også hadde ein dobbel cork 1080. Finne fekk 93 poeng, tre meir enn Paldan. Benjamin Forthun tok 3. plassen.

Snowboardklassen vart vunnen av Øyvind Kirkhus. Ungdomsklassen på ski vart vunnen av Tobias Hansen framfor Daniel Sveum. Kids-klassen gjekk til Filip Stene-Johansen framfor Balder Wåge.

Finne gjorde det sterkt under Lokst utøve, og vann dermed kombinasjonspremien Big Air og Lokst utøve.

– Lokst utøve er vel fort ein av publikumsfavorittane og veldig flott arena med fine rammer. Drapå-stemninga er alltid høg der, seier Finne.

Klara Håvarstein og Edvard Lund vann samanlagt. Finne vann freestyleklassen.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.