annonse

Fleire land vil ha Joar Himle

POPULÆR
POPULÆR: Joar Himle gjer suksess med innhopp som trenar for det norske og det canadiske landslaget i skiskyting. No er fleire land ute etter trenaren frå Voss. (Foto: ØRJAN BRATTETVEIT)
CANADA
CANADA: Den canadiske landslaget lada opp til VM i Finland med treningsleir på Voss med Joar Himle. (Foto: KARL YSTANES)

Joar Himle er ettertrakta på trenarmarknaden. Canadisk suksess er ei av årsakene.

Ørjan Brattetveit

- Eg har fått trenartilbod frå tre europeiske land, seier Joar Himle, som har vore norsk landslagstrenar og personleg trenar for Ole Einar Bjørndalen. Han vart i 2008 kåra til årets skiskyttartrenar på verdsbasis. Vossingen vil ikkje ut med kva for nasjonar som ynskjer han som trenar neste sesongen.

Joar Himle har i år gjort fleire innhopp for det norske landslaget, og han har hatt eit nært samarbeid med dei canadiske skiskyttarane. Og då Nathan Smith overraska med å ta VM-sylv på sprinten i Kontiolahti nyleg, fekk Joar Himle sin del av æra.

- Joar har gjeve oss eitt nytt perspektiv på skiskyttarsporten. Himle har ein stor del i denne medaljen. Eg har lært mykje av Himle, ikkje minst om det psykologiske aspektet ved idretten. Eg vil definitivt jobba meir med han neste sesong, sa Smith til VG.

Vossingen har vore konsultent for canadiarane heile denne sesongen. Før sesongstart var han på treningsleir i Canada, nyleg hadde han laget med seg på samling i Voss ski- og tursenter og han har leia laget i nokre verdscuprenn.

- Då eg var i verdscupen med Canada, var det fleire nasjonar som tok kontakt og lurte på kva eg skal gjera framover, seier Himle, som er spent på om Canada kan vera med å kjempa om medalje på herrestafetten i dag.

At det vart sylv på Nathan Smith, kom ikkje overraskande på trenaren frå Voss.

- Det er fleire av utøvarane på laget, både kvinner og menn, som har vore topp ti i verdscuprenn, og dei har vist at dei har stort potensiale, seier Himle, Canada har alt signalisert at dei vil tilbake til Voss ski- og tursenter i førebuinga til VM i Holmenkollen neste vinter.

Les også: Canada spissar VM-forma

Les også: Himle trenar kvinnene i Oberhof

Til Russland

No reiser Joar Himle til Finland for å ta med seg det norske landslaget til verdscupavslutninga i Russland.

- Eg veit faktisk ikkje om eg skal inn for Egil Gjelland på herrelandslaget eller for Stian Eckhoff på damelandslaget. Ingen av dei skal vera med til Russland. Men dette finn me ut av når eg kjem til Finland, seier Joar Himle.

Når sesongen er over skal vossingen ta stilling til kva han skal gjera neste sesong.

- Eg kjem nok til å snakka meir med nokre av nasjonane, men per i dag tvilar eg på at eg er nok motivert til å ta på meg ein jobb som landslagstrenar igjen. Eg har nok vorte for heimekjær. Det er ikkje like interessant for meg å ha så mange reisedøgn i året som ein landslagstrenar har, seier Himle og legg til:

- Denne sesongen har vore heilt topp for meg. Eg har vore med det norske landslaget på fleire verdscupar, og oppdraget for Canada har vore interessant. Det starta med eit opphald i Canada før sesongen, der eg fekk oppleva villmarka i Rocky Mountain. Eg trivst nok best med slike innhopp, framfor å vera fast trenar.

Kaisa og Miriam

Den tyske skiskyttaren Miriam Gössner trena på Voss med Joar Himle for få år sidan. No er ho nettopp tilbake etter skade, og ho ynskjer å koma til Voss for å trena i løpet av sommaren. Då er planen at henner gode venninne, den fiske stjerna Kaisa Mäkäräinen skal vera med.

- Ingen ting er avtala, men Miriam har spurt om dei får koma. Og for meg er det sjølvsagt heilt greitt. Det vert ekstra kjekt for henne Kaisa også vert med, seier Joar Himle.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.