annonse

Fotballfest i 5. divisjon

LOKALOPPGJØR
LOKALOPPGJØR: Det var full fyr på tribunen då Dale og Vaksdal møttes i fjor. (Foto: Jan-Egil dyvik)
5. DIVISJON
5. DIVISJON: Arne Førde er klar for sitt andre periode som trenar for Voss sitt herrelag. (Foto: Vidar Herre/Arkiv)
FOTBALL
FOTBALL: Kim Andre Njaastad i kvit drakt. (Foto: Jan Egil Dyvik)

Voss vil opp, Vaksdal siktar midt på tabellen og Dale vil halda plassen. Lokaloppgjera skapar fotballfestar denne sesongen.

Ørjan Brattetveit

– Me skal vera med å kjempa om opprykk, seier Arne Førde.

Han er klar for sin andre periode som trenar for Voss sitt herrelag. Sist jakta han opprykk til 2. divisjon. No er det 5. divisjon og lokaloppgjer mot Dale og Vaksdal som gjeld.

– Det er eit heilt anna utgangspunkt denne gongen. Det positive er at me har mange unge og lovande spelarar. Og at lokaloppgjera skapar ekstra interesse, seier Førde. Han meiner det er ein god sjanse til å utvikla spelarar denne sesongen.

– Å sleppa til 17-åringar er heilt ok. Slik blir spelarane raskare vaksne og får god erfaring, meiner Førde.

Melda seg på

Det er to lag som rykkjer opp frå avdelinga. Arne Førde meiner Osterøy og Baune er farlege opprykksrivalar for Voss. Og Førde meiner Os 2 og Nymark kan melda seg på i toppkampen.

Voss opnar borte mot Nymark laurdag.

– Me gler oss til å koma i gang. Generlaprøven mot Årdal var god. Då spela me fin fotball, løysa oppgåvene våre godt og vann 5–1. Held me fram slik, vert det bra.

Utover sesongen vert møta mot Dale og Vaksdal vert spesielle for Voss.

– Å møta Dale borte under Daledagane, vert nok ekstra moro. Og sikkert tusen tilskodarar. Slike kampar er gull verd.

Slå Dale

Medan Voss rykte ned frå 4. divisjon, tok både Dale og Vaksdal steget opp til 5. divisjon etter fjorårets sesong.

– Det vikitigaste er å slå Dale. Og det trur eg me gjer. Me vert berre betre og betre, seier spelande trenar for Vaksdal Kim Andre Njaastad. Han har spela for alle dei tre lokale 5. divisjonsklubbane. Og han vil gjerne slå vossingane også.

– Voss kjem nok til å kjempa om opprykk. Dei har mange unge spennande spelarar på gang. Men me skal kunne slå dei i enkeltkampar. Det hadde vore utruleg moro, seier Njaastad. Vaksdølen spela 156 kampar for A-laget til Voss då klubben spela i 3. divisjon og kjempa nokre år om opprykk til 2. divisjon. Han har spela nokre periodar for A-laget til Dale. Og dei siste tre åra har han spela for Vaksdal.

Heil ved

Njaastad meiner det er best for fotballen i kommunen at det er konkurrerande A-lag på Geitabakken og Vaksdal Idrettsplassen.

– Etter at me starta opp att med A-lag her på Vaksdal for tre sesongar sidan, har engasjementet vore stort. Me merkar det på rekrutteringa, og at me igjen har lokaloppgjer er med på å laga fest.

Vaksdal har spela mange gode treningskampar før seriestart, så optimismen i troppen er stor. Og Njaastad har

– Me er nesten berre vaksdølar på laget. Det betyr at me jobbar godt og gjev oss alt.

– Så vaksdølar kan ein stola ekstra på ?

– Ja. Utan tvil. Sjå berre kva som skjedde med Voss etter at eg gav meg der, seier han og ler godt.

Vaksdal fekk ein pangstart på sesongen torsdag kveld mot Fri. Mathias Dale slo til med tre skåringar.

– Mathias er god, han. Med sine mange skåringar er han sjølvsagt viktig for oss, seier Njaastad.

Tøft utan Tysnes

Dale vann 6. divisjonsavdelinga i fjor og rykte opp saman med Vaksdal. Trenar Sondre Larsen Bjordal meiner Dale framleis er best i kommunen, sjølv om laget har mista Tonny Tysnes, Elias Tvedt og Ronny Skjelde. Trenaren har sterk tru på unggutane Hans Kristian Ulveseth, Torje Midtsæter og Ruben Søvik.

– Klart me saknar ein spelar som Tonny. Men me vert tvinga til å spela betre som lag utan han. I fjor vart det ofte slik at me sende ballen mot Tonny, og håpa han skulle ordna opp. No må alle ta meir ansvar.

Målet til Daletrenaren, er i fyrste omgang å halda plassen.

– Det skal me klara. Me har trena godt, og spelarane er gode til å kjempa og til å kontra. Og i år kjem me nok ikkje til å styra så mange kampar - noko som kan passa spelargruppa vår bra.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.