annonse

Georg med sterk sesongavslutning

SVEVAR HØGT
SVEVAR HØGT: Georg Hernes har levert mange gode renn i vinter. (Foto: Clara Manson)

Georg Hernes leverte karrierebeste på tampen av sesongen. – Neste sesong er det pallen, seier Hernes.

Ørjan Brattetveit

20 år gamle Georg Hernes frå Voss Freestyleklubb har teke to 4. plassar i europacupen i dei siste rundane.

– Eg er svært nøgd med 4. plassane, seier Hernes.

No håpar han at landslagskøyrarane frå Voss Freestyleklubb Tevje Lie Andersen og Vinjar Slåtten held fram ein sesong til.

– Om begge skulle leggja opp, så ser det ikkje så bra ut for landslaget framover, meiner 20-åringen.

I mars har Hernes køyrd seks europacuprenn. Tidlegare i sesongen hadde han ein 6. plass i Åre som beste resultat. Han har i heile sesongen vore så å seia fast i finalane i cupen.

Boedele og Airolo

I mars har europacupen gått av stabelen i austerrikske Krispl og Boedele og i sveitsiske Airolo.

I Krispl enda de med 13. og 15. plass.

– Eg køyrde bra, men synest eg fekk dårleg betalt av dommarane.

I Boedele slo han til med 4. plass med poengsummen 75.05. 3. plassen gjekk på 76.15 til svenske Oskar Elofsson. To russarar toppa pallen. I nesten rennet på same staden, køyrde han ut i kvaliken.

Sesongavslutninga i Airolo var prega av dårleg vêr. Difor vart både singel og parallell kulekøyring arrangert same dagen, sist fredag.

– Her var det ny fjerdeplass i singel og 16. plass i parallell, fortel Hernes.

Fjerdeplassen tok han med 78,55 poeng, 3. plassen gjekk på 79.39, medan den svenske junioren Albin Holmgren slo til med siger på 83.09.

Stor inspirasjon

20-åringen ser tilbake på sin beste sesong nokosinne, og finn mykje motivasjon å ta med seg vidare i karrieren.

– Det beste av alt som har skjedd, er at eg ser at eg får resultat av god trening. Derfor får eg skikkeleg lyst til å trena vidare. Han har ambisjonar om å vera med i toppen i OL om fire år.

– Eg håpar verkeleg Tevje og Vinjar held fram, og at forbundet legg betre til rette for landslagskøyrarane. Kulekøyring er ein liten idrett, og me treng eit miljø for å få resultat, meiner Georg Hernes.

Nora i toppen

Nora Lødøen hadde ein svært sterk sesong i fjor. Då tok ho sylv i junior-VM og hadde ein 2. plass i europacupen. I 2016 vann ho europacuprenn. I år har ho ein 3. plass frå Åre som beste resultatet.

Ho avslutta sesongen med 4. plass i parallell kulekøyring i Airolo. Her vart Synva Finne nummer 9. Årets beste plassering i europacupen tok Finne i Åre, der ho enda på 7. plass.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.