annonse

Gjekk ikkje vegen mot Gloppen

NYTT TAP
NYTT TAP: Vossingane var optimistiske, men tapte mot Gloppen på bortebane. Ingeborg Almeland Tveit skåra 10 mål i kampen, 5 av dei på straffe. Her frå ein tidlegare kamp mot Florø. (Foto: Ingvild Siglen Berger/Arkiv)

Voss gjekk på nok eit tap då dei møtte Gloppen på bortebane sundag.

Ingvild Siglen Berger

Kampen enda med stillinga 33–23 til heimelaget, dagen etter at Voss tapte 32–25 mot Stryn.

– No er me litt nedstemte, seier trenar Erik Blindheim.

Han skildrar ein kamp der vossingane kom litt for seint i gang med spelet.

– Det tok ikkje lange tida før me låg under 6-1, og då var me på hælane, forklarer trenaren.

Kan betre

Fyrste omgang enda 18–8 til pause.

– Me drog den skeive starten med oss heile kampen, hadde mykje straffar mot oss og fekk det ikkje til, seier Blindheim.

Andre omgang var vossingane i siget att, og begge lag skåra 15 mål kvar. Difor synest trenaren det er trist at det enda med tap, både mot Gloppen og Stryn i går.

– For dette er kampar som er viktige å vinna ettersom laga ligg rundt oss på tabellen. Me har ikkje klart å setja fingeren på noko enno, men det vert mykje feilpasningar, bom og seigt spel. Me er ikkje på vårt beste, men kan betre. No må finna det fram, seier han.

Nytt møte

Alt til neste helg møter Voss Gloppen att, då på heimebane i Voss idrettshall.

– Då får me sjå om me hadde ein dårleg dag eller faktisk klarer det. Me skal vera klare og byrja på null, seier Blindheim.

Fram til kampen vert det trening og terping.

– Me vil kjempa og jobba iherdig for å berga plassen i år, slik at det unge laget får setja seg litt meir. Me kan betre, men tabellen lyg jo ikkje, seier trenaren.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.