annonse

Gjekk seg opp til 13. plass

GREI SKURING
GREI SKURING: Sjur Røthe gjekk seg opp frå 17. til 13. plass under sundagens jaktstart. Biletet er frå eit tidlegare renn. (Foto: Terje Bendiksby/NTB Scanpix)

Sjur Røthe gjekk seg opp fleire plassar under dagens jaktstart i Toblach.

Ingvild Siglen Berger

Etter at Røthe gjekk inn til ein 17. plass på gårsdagens 15 km fri teknikk for menn, vart det startnummeret føre dagens 15 km jaktstart i klassisk stil i Toblach, Italia.

Røthe hadde ein grei dag i sporet, og sørgja for sin beste plassering hittil denne sesongen då han gjekk i mål som nr. 13.

Han gjekk over målstreken +1:04,5 etter vinnar Johannes Høsflot Klæbo.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.